Hopp til innhald

Jakob Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jakob Martin Pettersen)
Jakob Pettersen

Fødd11. april 1899
Bergen
Død8. februar 1970 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, kjemikar
Utdanna vedBergen ingeniørhøgskole
Alle verv

Jakob Martin Pettersen (11. april 18998. februar 1970) var ein norsk kjemikar og politikar (Ap) frå Odda. Han var statsråd og sjef for Samferdsledepartementet (samferdsleminister) i Oscar Torp si regjering frå 1952 til 1955.

Pettersen var stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i valperiodane frå 1945 til 1965, og var vara- og visepresident i Odelstinget.

I Odda arbeidde han som kjemikar ved Odda Smelteverk frå 1924. Han blei med i formannskapet i 1932 og var ordførar frå 1945 til 1947.