Kongsberg Gruppen
Kongsberg Gruppen | |||
| |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 943753709 | ||
Bransje | Petroleumsverksemd, romteknologi, Maritim | ||
Skipa | 1814 | ||
Eigar | Nærings- og fiskeridepartementet, Arendals Fossekompani, Folketrygdfondet | ||
Dotterselskap | Kongsberg Maritime, Kongsberg Defence & Aerospace | ||
Hovudkontor | Kongsberg kommune | ||
Land | Noreg[1] | ||
Styreleiar | Eivind Reiten[2] | ||
Adm.dir. | Fredrik Meyn (1824), Peder Christian Holst (1842), Jens Landmark (1854), Ole Herman Krag (1880), Johan Jørgen Schwartz (1912), Bjarne Hurlen (1956) | ||
Nettstad | http://www.kongsberg.com/ |
Kongsberg Gruppen ASA (OSE: KOG) er eit norsk selskap som utviklar og produserer sivilt og militært høgteknologisk utstyr. KOG har verksemder på 40 plassar i 24 forskjellige land. Selskapet har til saman rundt 6000 tilsette. Av desse er om lag 4000 tilsette i Noreg. KOG er sett saman av to driftselskap: Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) og Kongsberg Maritime (KM), begge med hovudkontor i Kongsberg.
KDA produserer militært utstyr og romsystem, medan KM utviklar og produserer avansert maritimt elektronisk utstyr, som vert nytta i fiskebåtar, forsyningsskip, boreskip, tankskip og fritidsbåtar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]KOG har røter tilbake til 1814, då Kongsberg Vaabenfabrik (KV) vart stifta. Føremålet med selskapet var å produsera våpen til det norske militæret. Fram til 1948 var KV eit statseigd selskap, under Forsvarsdepartementet. Etter dette vart KV omorganisert som eit statsaksjeselskap.
I 1974 stifta KV eit dotterselskap i Canada, med namnet Kongsberg Mesotech Ltd. Føremålet med dette selskapet var å produsera undervassovervåkingssystem.
I 1987 vart selskapet omstrukturert og alle sivile avdelingar vart skilde ut som eigne selskap. Det som var att av KV fekk namnet Norsk Forsvarsteknologi (NFT).
I 1996 vart selskapet notert på Oslo Børs og namnet vart, på trass av at det strir mot norske orddelingsreglar, endra til Kongsberg Gruppen ASA.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 52915, Wikidata Q7061260
- ↑ https://www.kongsberg.com/en/kog/contactus/copy%20of%20theboard.