Leopold og Astrid Kyst
Utsjånad
(Omdirigert frå Leopold and Astrid Coast)
Leopold og Astrid Kyst | |||
kyst | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Leopold og Astrid Kyst 67°20′00″S 84°30′00″E / 67.3333°S 84.5°E |
Leopold og Astrid Kyst (67°20′S 84°30′E / 67.333°S 84.500°E) er den delen av kysten av Antarktis som ligg mellom vestenden av West isbrem, ved 81° 24' E, og Cape Penck, ved 87° 43' E. Han ligg i den austlege halvdelen av Princess Elizabeth Land. Han vart oppdaga og utforska frå lufta frå det norske skipet «Thorshavn» den 17. januar 1934 av løytnant Alf Gunnestad og kaptein Nils Larsen.
Leopold og Astrid Kyst vart namngjeven av Lars Christensen, den norske kvalfangstmagnaten og leiaren for ekspedisjonen, etter kong Leopold og dronning Astrid av Belgia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Leopold og Astrid Kyst» (innhald frå Geographic Names Information System).