Nisefamilien
Utsjånad
(Omdirigert frå Niser)
Nisefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Parvorden: | Tannkvalar Odontoceti |
Overfamilie: | Delphinoidea |
Familie: | Nisefamilien Phocoenidae Gray, 1825 |
Nisefamilien (Phocoenidae) er ein familie av høvesvis småe tannkvalar. Dei har ei kroppslengd på mellom 120 og 220 cm og ei vekt på mellom 25 og 125 kg. Nisene liknar mykje på delfinar, men har butt snute og er noko meir kraftig bygde.
Familien har i dag seks artar som finst i kyststrok på båe sidene av det nordlege Atlanterhavet, nord i Stillehavet og utanfor Sør-Amerika og det sørlege Asia. I norske farvatn finst berre arten nise.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«niser» av Rolf Karlsen i Store norske leksikon, snl.no. Henta 16. desember 2017.