Bronx
Bronx The Bronx | |||
bydel | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | New York | ||
Areal | 148 km² | ||
Folketal | 1 472 654 (2020)[1][2] | ||
Bronx 40°50′48″N 73°52′24″W / 40.84676°N 73.873207°W | |||
Bronx i New York
| |||
Wikimedia Commons: The Bronx, New York City |
Bronx er ein bydel i New York i USA som ligg mellom Hudsonelva og East River. Bydelen dekkjer rundt 150 km², der kring 110 km² er landareal. Han har rundt 1 456 000 innbyggjarar (2015). Bronx er den einaste bydelen i New York som ligg på fastlandet. Ei rekkje bruer over Harlemelva bind Bronx saman med Manhattan, medan bydelen er knytt til Long Island med tre bruer over East River. Bronx er først og fremst eit bustadområde, men store delar av sjøfronten blir brukt til hamneføremål, lager og industri.[3]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet «Bronx» stammar frå færøyingen og prestesonen Jonas Jonasson Broncks, som busette seg i Nieuw-Nederland i 1639. Då hadde staden 400 innbyggjarar. Elva nær garden hans fekk namn etter ham, og heile området fekk namnet «Bronck's Land». Med tida blei dette endra til Broncksland eller berre Broncs', før det til slutt ende opp som «Bronx».[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Folketalet auka kraftig i perioden 1890 til 1940 (frå ca. 89 000 til ca. 1,4 millionar). Etter andre verdskrigen og fram mot 1990-åra var bydela preget av forfall og forslumming. Særleg områda South Bronx og Hunt's Point utvikla seg til nokre av dei verste slumstrøka i New York, med eit stort innslag av narkomane og kriminelle. Folketalet sokk frå 1970 til 1980 med over 20 %, til ca. 1,17 millionar. Ved hjelp av ulike byfornyingstiltak har styresmaktene prøvd å hindra vidare vekst av slummen, og Bronx har seinare opplevd vekst slik at folketalet gjekk tilbake til 1970-nivå.[3]
Demografi
[endre | endre wikiteksten]U.S. Census dokumenterer at Bronx er det området i heile USA med størst variasjon i etnisk bakgrunn blant innbyggjarane. 54,6 % har Hispanic eller Latino-bakgrunn, der den største gruppa kjem frå Puerto Rico. 43,3 % er svarte eller afroamerikanarar.[3]
Institusjonar
[endre | endre wikiteksten]Det finst fleire universitet i bydelen, mellom anna Fordham University, eit av dei eldste katolske universiteta i USA, og andre høgare lærestader. I Bronx ligg Yankee Stadium som først blei bygd i 1923 og deretter rive og totalt nybygd i 2009. Stadionet er mest kjend som heimebane for baseballaget New York Yankees, men har husa mange ulike tilstellingar innan amerikansk fotball, fotball, boksing, religiøse møte og popkonsertar. Etter terrorangrepet i New York 11. september 2001 blei det halde ei stor minnegudsteneste i Yankee Stadium. Bronx Zoo er ein av dei største dyrehagane i verda med over 650 dyreartar og meir enn 4000 individ. Dyrehagen har over 2,2 millioner vitjande kvart år.[3]
Folk frå Bronx
[endre | endre wikiteksten]- Carly Simon (f. 1945), songar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://public.tableau.com/shared/3ZDY8K6RS; vitjingsdato: 4. september 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Bronx». Store norske leksikon. 28. desember 2016.