Warszawapakta
Warszawapakta | |||
| |||
Skipa | 14. mai 1955 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Moskva | ||
Tilsette | 7 300 | ||
Motto | Union of peace and socialism, Unió de pau i socialisme, Unie míru a socialismu, Союз мира и социализма, Union de paze e sociałismo | ||
Oppløyst | 1. juli 1991 |
Warszawapakta (offisielt: «Traktaten for venskap, samarbeid og gjensidig assistanse») var ein militærallianse mellom Sovjetunionen og den tidlegare austblokka. I alliansen var det både reelt uavhengige statar og statar som trass i formelt sjølvstende de facto var styrt frå Sovjetunionen. Forsøk på å bryte ut av pakta vart slått ned.
Alliansen vart etablert som forsvarspakt retta mot NATO, som hadde vorte etablert i 1949. Ei viktig hending som førte til danninga av Warszawapakta var gjenopprustinga av Vest-Tyskland og NATO-medlemskap. Pakta vart underskriven i Warszawa den 14. mai 1955, vart sett i verk frå 5. juni 1955. Pakta heldt saman til den kalde krigen var over. Medlemslanda byrja å trekkje seg i 1991, og pakta vart offisielt oppløyst 1. juli 1991.
Medlemsland
[endre | endre wikiteksten]- Sovjetunionen
- Albania (Khrusjtsjov kasta landet ut av Warszawa-pakta den 17. oktober 1961)
- Bulgaria
- Romania
- Tsjekkoslovakia (etter Sovjetunionen braut saman: Tsjekkia og Slovakia)
- Folkerepublikken Polen (etter Sovjetunionen braut saman: Polen)
- Ungarn
- Den tyske demokratiske republikken (ut i 1990 i samband med samlinga av Tyskland)
Det strengt stalinistiske Albania trekte seg ut av alliansen i 1961 som følgje av usemja mellom Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen etter at Sovjetunionen hadde fordømt Stalin og gjennomgått ei avstalinisering.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Warszawapakta
- Avtalar i den kalde krigen
- Historia til Warszawa
- Militære alliansar
- Kommunisme
- Austblokka
- Sovjetisk utanrikspolitikk
- Tidlegare internasjonale organisasjonar
- Polsk historie
- Internasjonale militærorganisasjonar
- Internasjonale politiske organisasjonar
- Avtalar i 1955
- Skipingar i 1955
- Politikk i 1955
- Politikk i 1991
- Nedleggingar i 1991
- Forhold mellom Bulgaria og Sovjetunionen
- Forhold mellom Polen og Sovjetunionen
- Forhold mellom Sovjetunionen og Tsjekkoslovakia
- Forhold mellom Sovjetunionen og Tyskland
- Forhold mellom Sovjetunionen og Ungarn
- Albanske avtalar
- Austtyske avtalar
- Bulgarske militæralliansar
- Bulgarske avtalar
- Ungarske militæralliansar
- Polske militæralliansar
- Polske avtalar
- Rumenske militæralliansar
- Rumenske avtalar
- Sovjetiske militæralliansar
- Tsjekkoslovakiske militæralliansar
- Ungarske avtalar