Blåknapp

Sideversjon per 1. jun. 2012 kl. 11:24 av JAnDbot (diskusjon | bidrag) (r2.7.2) (robot fjerna: hu:Ördögharaptafű)


Blåknapp er ei fleirårig plante i kardeborrefamilien. Utbreidd i Europa, Asia, og Nord-Afrika. Stengelen er kring 4 dm høg, snau og blank nedst. Tjukke blanke blad, oftast snaue. Halvkuleforma korg, om lag 2 cm brei. Blå eller blåfiolett krone med lang kronrøyr. Griffelen og mjølknappane stikk ut. Planta blømer kring august månad på fuktige stader, beite og lyngmark. Vanleg langs kysten i sør. Veks i Noreg nord til Vesterålen. Meir fåtalig inne i landet.

Kjelder

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Blåknapp
 
Nomenklatur
Succisa pratensis
Klassifikasjon