Metropolitan Museum of Art
Metropolitan Museum of Art | |||
| |||
Stad | Manhattan | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1870 | ||
Metropolitan Museum of Art 40°46′46″N 73°57′48″W / 40.779444444444°N 73.963333333333°W |
The Metropolitan Museum of Art er eit kunstmuseum i New York City. Museet er det største i sitt slag i USA, og eitt av dei ti største kunstmusea i heile verda. Den eigne kunstsamlinga omfattar over to millionar verk, fordelt på 17 ulike avdelingar. Hovudbygningen ligg ved austenden av Central Park i bydelen Manhattan. Ein mykje mindre lokasjon er «The Cloisters» på øvre Manhattan, denne stiller ut kunst frå mellomalderen.
The Metropolitan Museum of Art vart grunnlagt i 1870 av USA-amerikanske forretningsmenn og kapitalistar, samt leiande kunstnarar og kunstinteresserte. Grunnleggjarane ynskte seg eit museum som gjorde kunst og kunstforståing tilgjengeleg for eit amerikansk publikum. Museet, som opna 20. februar 1872, heldt frå byrjinga av til på 681 Fifth Avenue.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Metropolitan Museum of Art» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2014.