Slave

Versjonen frå 20. mars 2007 kl. 12:59 av Jhs (diskusjon | bidrag) (Attenderulla endring gjort av 82.134.72.38 til tidlegare versjon endra av Ekko)

Ein slave er ein person som vert eigd av ein annen person eller ei verksemd for å utføra arbeid. Organiseringa av slavearbeid blir kalla slaveri.

Fil:Slavetreatment.jpeg
Peter, halden som slave i Louisiana, viste fram piskearra sine i 1863.

Ein som er halden som slave har få eller ingen rettar. Han må jobbe som han får beskjed om og kan ikkje reisa dit han vil, men må flytta om eigaren hans seier det. Han kan ikkje ha fast eigedom og kan bli skild frå familien sin utan varsel.

Eit menneske kan bli slave ved å bli teken til fange av bandittar eller i krig, ved å bli seld av familien sin eller ved å ikkje kunne betala ei gjeld, eller ved å bli fødd av foreldre som er slavar. Å bli slave inneheld ofte tvang, men ikkje alltid. Det kan somme tider innebera eit lettare liv enn fattigdom og svolt.

Ordsoge

Ordet slave kjem frå det latinske ordet sclavus, som romarane brukte om ei slavisk folkegruppe. Romarane hadde vunne over dette folket og brukte dei fleste av dei som slavar.

Sjå òg