Blomeblad
Blomeblad er sterile blad som omkransar dei fertile delane av blomen. Blomeblad kan vere udifferensierte, og vert da kalla tepalar, eller dei kan vere differensierte i begerblad og kronblad. Talet på blomeblad avgjer talforholdet til blomsterplantar, slik at ein plante med fire begerblad og fire kronblad vert kalla fire-talig. .
-
Lilje med einsarta beger- og kronblad
-
Fransk anemone med blomster av kronbladliknande begerblad
-
Julerose med kronbladsaktige begerblad