Christoph Höhne
Christoph Höhne (fødd 12. februar 1941) er ein tysk friidrettsutøvar frå Borsdorf i delstaten Sachsen som i 1968 vart olympisk meister i 50 km kappgang og like eins europameister 1969 og 1974 på same distansen. Han representerte Aust-Tyskland.
Christoph Höhne | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 12. februar 1941 (83 år) Borsdorf |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1964 Summer Olympics – men's 50 kilometres walk, athletics at the 1968 Summer Olympics – men's 50 kilometres walk, athletics at the 1972 Summer Olympics – men's 50 kilometres walk |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i sølv |
Höhne vart i Friidretts-EM 1962 fjerdemann og i Sommar-OL 1964 sjettemann i 50 km kappgang. Frå 1965 til 1970 vann han verdscuptevlinga over 50 km tre gongar i rad; Pescara 1965, Bad Saarow 1967 og Eschborn 1970. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen stod Höhne for ein legendarisk prestasjon då han vann 50-kilometeren med ein margin på over 10 minuttar til andremann i tevlinga. Året etter vart han europameister på 50 km i Aten, medan han i Helsinki-EM 1971 måtte sjå seg frågått av Venjamin Soldatenko frå Sovjetunionen. Höhne avslutta si tid som aktiv med å vinne sitt andre EM-gull på 50 km ved europameisterskapen 1974 i Roma.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1962 i Beograd: Nr 4 – 4.29.37
- OL 1964 i Tokyo: Nr 6 – 4.17.14
- OL 1968 i Mexico-byen: Gullmedalje – 4.20.14, framom Antal Kiss (4.30.17)
- EM 1969 i Aten: Gullmedalje – 4.13.32, framom Peter Selzer (4.16.09)
- EM 1971 i Helsinki: Sølvmedalje – 4.04.45, bakom Venjamin Soldatenko (4.02.22)
- OL 1972 i München: Nr 14 – 4.20.44
- EM 1974 i Roma: Gullmedalje – 3.59.06, framom Otto Bartsj (4.02.38)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Christoph Höhne» frå Wikipedia på tysk, den 5. august 2018.