60°37′37.456″N 6°23′43.498″E / 60.62707111°N 6.39541611°E / 60.62707111; 6.39541611

Finnesloftet

StadVoss (Vestland)
EigarFortidsminneforeningen
Kart
Finnesloftet
60°37′37″N 6°23′43″E / 60.62707111°N 6.39541611°E / 60.62707111; 6.39541611

Finnesloftet er ein trebygning frå mellomalderen som står på garden FinneVoss. Bygningen har lenge vore rekna som den eldste profane trebygningen i Noreg, men nyare dendrokronologisk gransking har funne andre trebyngingar i landet som er daterte til byrjinga av 1200-talet.[1]

Finnesloftet - front mot nord.
Litografi av Finnesloftet i 1888. Etter akvarell av Peter Andreas Blix.

Finnesloftet er mest truleg bygd sommaren 1295 eller kort tid etterpå.[1] Det er eit hus i to høgder, bygd med liggjande tømmer i første høgda, og ståande konstruksjonar og stavverk i andre høgda. Veggene i andre høgda liknar vegger i stavkyrkjer, og det er ingen andre profane bygningar att i Noreg som er bygde på denne måten.

Finnesloftet høyrer til i dag Fortidsminneforeningen som kjøpte bygningen i 1891.

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre