Stanley Wayne «Jay» DeMarcus jr. (fødd 26. april 1971) er ein USA-amerikansk bassgitarist, harmonivokalist, pianist, plateprodusent og låtskrivar,[1] mest kjend som medlem i countrygruppa Rascal Flatts.

Jay DeMarcus

DeMarcus då han fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i september 2012
Fødd26. april 1971 (53 år)
FødestadColumbus i Ohio i USA
FødenamnStanley Wayne DeMarcus jr.
OpphavUSA
Aktiv1992 til i dag
SjangerCountry, kristen musikk
Instrumentbassgitar, klaverinstrument, gitar, piano, mandolin, bouzouki, trommer, vokal
Tilknytte artistarEast to West, Rascal Flatts
PlateselskapLyric Street, Big Machine
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
Gift medAllison Alderson

Biografi

endre

DeMarcus var fødd i Columbus i Ohio, der han gjekk på Tree of Life Christian School. Seinare gjekk han på Lee College i Cleveland i Tennessee frå 1990 til 1992. På den tida reiste han og spelte klaverinstrument med den kristne musikkgruppa New Harvest, leia av Danny Murray.

DeMarcus var med å starte opp den kristne musikkgruppa East to West og flytta til Nashville i 1993. I 1997, etter at East to West vart oppløyst, tok han kontakt med tremenning sin, Gary LeVox,[2] som han spelte med då dei var yngre, og fekk han til å kome til Nashville for å synge harmonivokal på Michael English-albumet Gospel, som han produserte på den tida. Dei spelte inn albumet for English i lag og akkompagnerte han på albumet.[3]

I tillegg produserte han album for James Otto, Jo Dee Messina, Austins Bridge og andre. I 2006 produserte han Chicago-lbumet Chicago XXX.

I 2010 var DeMarcus og bandkollegaene hans gjestestjerner på CSI: Crime Scene Investigation, der dei spelte seg sjølv.

Diskografi utanom Rascal Flatts

endre
År Album Artist Rolle
1998 Gospel Michael English Produsent, lydteknikar, bass, akustisk gitar
2003 Some Things Never Change Mark Lowry Klaverinstrument
2006 She Was Country When Country Wasn't Cool: Tribute to Barbara Mandrell Forskjellige artistar Bass
2006 Ten Brian McKnight Bass, piano
2006 Whatever We Wanna LeAnn Rimes Bass
2006 Chicago XXX Chicago Produsent, arrangør, lydteknikar, gitar, klaverinstrument, vokal
2008 Sunset Man James Otto Produsent, bass
2008 The Prodigal Comes Home Michael English arrangør, vokalprodusent
2010 Unmistakable: Love Jo Dee Messina Produsent
2010 Times Like These Austins Bridge Produsent
2011 New Day The Martins Produsent, vokalarrangement, gitar, klaverinstrument
2012 New to This Town Kix Brooks Produsent
2012 Tuskegee Lionel Richie Bass
2012 iCarly: iSoundtrack II [Original TV Soundtrack] Forskjellige artistar Produsent
2012 Brighter One Marshall Hall Produsent, elektrisk gitar
2013 Alabama & Friends Alabama Produsent, bass
2013 Love Is Stronger Jason Crabb Produsent, bass
2013 Some People Change Michael English Produsent, lydteknikar, bass
2013 Surrender Adam Crabb Bass
2014 Nashville Outlaws: A Tribute to Mötley Crüe Forskjellige artistar Produsent, bass, piano


Kjelder

endre
  1. Live Daily Jay DeMarcus interview, arkivert frå originalen 6. desember 2007, henta 9. november 2015 
  2. «James Otto: Putting the Pieces Together». Country Weekly.com. 24. mars 2008. Henta 17. oktober 2015. 
  3. Mueller, Walt. «Rascal Flatts: Taking kids to the country». Center for Parent/Youth Understanding. Arkivert frå originalen 30. august 2013. Henta 30. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre