Europa i gresk mytologi
gresk mytologisk kvinneskikkelse
Europa er ei kvinne i gresk mytologi som er best kjend for å ha blitt bortført ridande på Zevs i kvit okseham. Ho er opphavet til namnet på verdsdelen Europa. Europa blei tilbedd på Kreta under namnet Hellotis, og feira under høgtida hellotia.
Europa | |||
| |||
Fødd | Tyr | ||
---|---|---|---|
Identifisert med | Europa | ||
Mor | Telephassa, Alphesiboea, Perimede | ||
Far | Agenor | ||
Ektefelle | Asterios | ||
Sambuar | Zevs | ||
Barn | Minos, Rhadamantys, Carnus, Dodon, Sarpedon, Alagonia, Hydarnis |
I mytene er Europa ei høgtståande fønikisk kvinne av ulike opphav - ofte er far hennar kong Agenor av Tyr, i andre er far hennar Phoenix, son av Agenor. Ho var særs vakker, og guden Zevs fall for henne. Etter å ha lurt henne til seg i form av ein kvit okse, førte han henne vekk frå heimstaden til Kreta. Her fekk dei to eller tre søner saman: Minos, Rhadamanthys og i nokre variantar også Sarpedon. Europa blei seinare gift med Asterius, kongen av Kreta, som tok til seg sønene hennar.
Kjelder
endre- «Europa» (2014), Encyclopædia Britannica. Vitja 10. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
endre Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.