Fjellvettreglane
Fjellvettreglane er råd for ferdsel i fjellet som blir gjevne ut av Noregs Raude Kross og Den Norske Turistforening (DNT).
Råda vart laga og tekne i bruk etter ei rekke ulukker som skjedde påska 1950. DNT og Noregs Raude Kross gav etter dette ut brosjyren «Respekt for fjellet» og «De 9 fjellvettreglene» for å førebygge ulukker.[1]
I 2016 vart Fjellvettreglane oppgradert for fyrste gong sidan dei kom ut i 1950. Dei nye reglane er laga med eit meir tidsaktuelt språk og inkluderer mellom anna omsyn til fare for snøskred i fjella og utrygg is.[2] I 2015 kom Fjellvettreglane for fyrste gong ut med tekst på nynorsk.[3]
Fjellvettreglane (frå 2016)
endre- Planlegg turen og meld frå kvar du går.[2]
- Tilpass turen etter evne og forhold.[2]
- Ta omsyn til vêr- og skredvarsel.[2]
- Ver førebudd på uvêr og kulde, også på korte turar.[2]
- Ta med naudsynt utstyr for å kunna hjelpa deg sjølv og andre.[2]
- Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is.[2]
- Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.[2]
- Vend i tide, det er inga skam å snu.[2]
- Spar på kreftene og søk ly om naudsynt.[2]
Fjellvettreglane (frå 1950 til 2016)
endre- Legg ikkje ut på langtur utan trening.[3]
- Meld frå kvar du går.[3]
- Vis respekt for vêret og vêrmeldingane.[3]
- Vær rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev.[3]
- Lytt til erfarne fjellfolk.[3]
- Bruk kart og kompass.[3]
- Gå ikkje åleine.[3]
- Vend i tide, det er inga skam å snu.[3]
- Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt.[3]