Hans-Jörg Butt
tysk fotballspelar
Hans-Jörg Butt (fødd 28. mai 1974 i Oldenburg i Niedersachsen) er ein tysk fotballspelar som har spela som keeper for Bayern München. Han har òg landskampar for Tyskland.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 28. mai 1974 | ||
Fødestad | Oldenburg | ||
Høgd | 191 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bayern München | ||
Nummer | 1 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Großenkneten | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1994-97 1997-2001 2001-07 2007-08 2008- |
Oldenburg Hamburg Bayer Leverkusen Benfica Bayern München |
87 (5) 133 (19) 191 (7) 1 (0) 40 (0) | |
Landslag | |||
2000- | Tyskland | 4 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. august 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2010 |
Butt vart seriemeister i Tyskland med Bayern München i 2010. Han debuterte for A-landslaget 7. juni 2000 i ein landskamp mot Liechtenstein. Han var med i troppen til fotball-EM same året og til fotball-VM i 2002, men begge gongene var han tredjeval i mål, etter Oliver Kahn og Jens Lehmann, og han fekk ikkje spela nokon kampar. I fotball-VM i 2010 kom han igjen med i troppen, og stod i mål for Tyskland i bronsefinalen mot Uruguay.