Vierslekta
Vierslekta (Salix) er ei planteslekt i vierfamilien og veks som tre, buskar, ris eller urteaktige dvergbuskar. Tre og store buskar med smale blad vert gjerne kalla pil eller piletre, tre og store buskar med breie blad vert kalla selje, og låge buskar og dvergbuskar vert kalla vier. Variantar av piletre vert ofte nytta som park- og hagetre, og kan òg finnast viltveksande somme stader i Noreg.
Vierslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vierfamilien Salicaceae |
Slekt: | Vierslekta Salix L., 1753 |
Slekta har kring 400 artar. Vieren har gråaktig bark som er glatt eller fura og veden har ofte åsar under barken. Vinterknoppane er dekte med eit skal og blada er spreidde, enkle og rundtakka eller fint sagtakka. Vieren er særbu med blomstrane samla i akslike heng.
Utbreiing
endreVieren veks i hovudsak i tempererte område på den nordlege halvkula. Det finst om lag 30 artar i Noreg og 24 artar i Sverige og dei fleste finst i nord. Dei mest kjende artane i Noreg og Sverige er selje (S. caprea), gråvier (S. cinerea) og skjørpil (S. fragilis). Vieren er vanskleg å artbestemme når ein har hybridar. Fleire dyrka arter har blittt naturalisert, til dømes kvitpil (S. alba), raudvier (S. purpurea) og korgvier (S. viminalis).
I fjellområde finst vierregionen, dei siste treområda før snaufjellet, som er særleg prega av viervekstar.
Dyrking
endrePiltypar som som raudpil og korgpil kan dyrkast for produksjon av kvistar til korgbinding og liknande. Dette kan føregå vad at ein tek kvistar på rundt 25 cm som stiklingar og set dei i rader tidleg om våren.[1]
Lokalt har planting av pilevallar vore vanleg, først og fremst i Skåne der trea utgjer eit kjenneteiken for landskapet. I Skåne finst bandpil, Salix amygdalina og bandvier, Salix lanceolata.
Hybridar
endreDet er vanleg med hybridisering mellom ulike artar i slekta. Desse er ofte fertile og kan gjere det vanskeleg å bestemme arten. Somme tider finn ein hybridar med både tre og fire artar innblanda. Ungskott og sterile eksemplar kan mange gongar vere umoglege å identifisere med visse.
Artar i Norden
endreVitskapleg namn | Norsk | Svensk | Dansk |
---|---|---|---|
Salix aegyptiaca | Fløyelsselje | ||
Salix alba | Kvitpil | Vitpil | Hvid-Pil |
Salix alba vitellina | Gullpil | ||
Salix arbuscula | Småvier | Risvide | Busk-Pil |
Salix arctica | Tundravier | Arktisk Pil | |
Salix ×arctogena | Trippelvier | ||
Salix aurita | Øyrevier/ørevier | Bindvide | Øret Pil |
Salix babylonica | Babylonpil | ||
Salix bebbiana | Finnmarksvier | ||
Salix bicolor | Gullvier | ||
Salix ×calodendron | Fagervier/Dunvier | ||
Salix caprea | Selje | Sälg | Selje-pil |
Salix caprea ssp. sericea | Silkeselje | ||
Salix cinerea | Gråselje | Gråvide | Grå-Pil |
Salix daphnoides | Doggpil/påskepil | Daggvide | Dug-Pil/Pommersk Pil |
Salix daphnoides ssp. acutifolia | Plommepil | ||
Salix dasyclados | Fløyelsvier | ||
Salix ehrhartiana | Elvepil | ||
Salix elaeagnos | Dunpil | Flod-Pil | |
Salix fragilis | Skjørpil | Knäckepil | Skør-Pil |
Salix glauca | Sølvvier/myrvier | Ripvide | Blågrå Pil |
Salix glauca ssp. stipulifera | Russevier | ||
Salix hastata | Bleikvier | Blekvide | Spyd-Pil |
Salix herbacea | Musøyre/musøre | Dvärgvide | Dværg-Pil |
Salix lanata | Ullvier | Ullvide | Uld-pil |
Salix lanata ssp. glandulifera | Kjertelvier | ||
Salix lapponum | Lappvier | Lappvide | Laplands-Pil |
Salix matsudana | Koreansk pil | ||
Salix xmeyeriana | Blankpil | ||
Salix xmollissima | Flettepil | ||
Salix myrsinifolia | Svartvier | Svartvide | |
Salix myrsinifolia ssp. borealis | Setervier | Sæter-Pil | |
Salix myrsinifolia ssp. kolaënsis | Kolavier | ||
Salix myrsinites | Myrtevier | Glansvide | Blåbær-Pil |
Salix myrtilloides | Blokkevier | Odonvide | Myrte-Pil |
Salix nummularia | Sibirvier | ||
Salix xpendulina | Fontenepil | ||
Salix pentandra | Istervier | Jolster | Femhannet Pil |
Salix phylicifolia | Grønvier/grønnvier | Grönvide | Tofarvet Pil |
Salix polaris | Polarvier | Polarvide | Polar-Pil |
Salix purpurea | Raudpil/rødpil | Rödvide | Purpur-Pil |
Salix repens | Krypvier/Heivier | Krypvide | Krybende Pil |
Salix repens var. nitida | Sandvier | ||
Salix repens subsp. rosmarinifolia | Rosmarin-Pil | ||
Salix reticulata | Rukkevier/rynkevier | Nätvide | Net-Pil |
Salix xrubens | Grønnpil | ||
Salix ×rubra | Silkerødpil | ||
Salix salvifolia | Vitvide | ||
Salix xsepulcralis | Sørgepil | ||
Salix xsmithiana | Namdalspil | ||
Salix starkeana | Blåvier | Ängsvide | Ellebladet Pil |
Salix starkeana ssp. cinerascens | Finnmarksvier | ||
Salix stipularis | Spissøyrevier/spissørevier | ||
Salix triandra | Mandelpil | Mandelpil | Mandel-Pil |
Salix uva-ursi | Melbær-Pil | ||
Salix viminalis | Korgpil/kurvpil | Korgvide | Bånd-Pil |
Kjelder
endre- ↑ «Pil: pildyrking», Store norske leksikon, 14. februar 2009
Bakgrunnsstoff
endre- «Viden» i Den virtuella floran