DS «Orkla» (1869): Skilnad mellom versjonar
s ' |
Bilde |
||
Line 1: | Line 1: | ||
{|{{infoboks skip start}} |
{|{{infoboks skip start}} |
||
{{Infoboks skip bilete |
{{Infoboks skip bilete |
||
| bilete=[[Fil:DS "Orkla" og "Bjørnen" (1893).jpg|300px]] |
|||
| bilete= |
|||
| bilettekst=DS «Orkla» til kai ved Brattøre i Trondheim{{byline|Jørgen Wickstrøm}}]] |
|||
| bilettekst= |
|||
}} |
}} |
||
{{infoboks skip karriere |
{{infoboks skip karriere |
Versjonen frå 11. januar 2013 kl. 18:53
DS «Orkla» til kai ved Brattøre i Trondheim Foto: Jørgen Wickstrøm | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Orkla» |
Eigar: | Det Ørkedalske Dampskibsselskab |
Verft: | Trolla Brug i Trondheim |
Sjøsett: | 1869 |
Kjennemerke: | JSNF/LDVX |
Generelle mål | |
Type: | Lokalrutebåt |
Tonnasje: | 57 brt |
Lengd: | 90,0 fot (27,4 m) |
Breidd: | 16,8 fot (5,1 m) |
Djupgang: | 7,8 fot (2,4 m) |
Installert effekt : | 130 ihk, 27 nhk |
Framdrift: | Dobbelsylindra kompoundmotor (Trollga Brug) |
Generelle mål etter ombygging i 1894 | |
Tonnasje: |
106 brt 62 nrt |
Generelle mål etter ny maskin i 1899 | |
Installert effekt : | 130 ihk, 27 nhk |
Framdrift: | Dobbelsylindra kompoundmotor (TMV) |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Tautra» |
Eigar: | Frosta Dampskibsselskab |
Sett i teneste: | 1903 |
Teke ut av teneste: | 1916 |
Heimehamn: | Trondheim |
Kjennemerke: | JSNF/LDVX |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Fjæra» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap |
Sett i teneste: | 1916 |
Teke ut av teneste: | 1949 |
Kjennemerke: | JSNF/LDVX |
Lagnad: | Opphogd 1949 |
DS «Orkla» var eit dampskip levert i oktober 1869 for Det Ørkedalske Dampskibsselskab. Det vart seld til Frosta Dampskibsselskab i Trondheim i 1903 og gjeve namnet «Tautra». I 1916 vart ho seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) for kr. 35 000 og omdøypt «Fjæra».
Historie
For Det Ørkedalske Dampskibsselskab gjekk «Orkla» i ruta Orkdal-Trondheim. Det vart ombygd og forlenga ved Trondhjems Mek. Verksted i Trondheim i 1894 og i 1890 vart det sett inn ein ny maskin. Skipet vart i 1903 seld til Frosta Dampskibsselskab i Trondheim og omdøypt «Tautra» i 1908.
DS «Fjæra»
I mai 1916 vart det seld til Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab i Bergen (som erstatning for DS «Lyderhorn» som hadde gått tapt) og omdøypt «Fjæra». Ho gjekk i ruta Bergen-Sunnhordland, og seinare i lokalrute i Sunnhordland. Sommaren 1922 gjekk ho i turistfart i Hardanger (Odda-Tyssedal-Lofthus-Utne-Eide), og gjekk elles i lokalrute i Sunnhordland.
Skipet låg i opplag i Bergen då Noreg vart invadert den 9. april 1940. Tyskarane prøvde først å få tak i skipet, men dette vart hindra. Ho gjekk attende i lokalruter i Sunnhordland tidleg i krigen. 9. august 1942 kolliderte ho med tyske «Taifun» i Langenuen nær Stord. Sjølv om det var det tyske fartøyet som hadde skulda, vart kaptein Framnes på «Fjæra» dømd til fire månader fengsel.
Etter krigen låg «Fjæra» i opplag igjen og vart etter kvart i så dårleg stand at ho ikkje kom i teneste att. I desember 1949 vart ho seld til Alf Vågsbø og opphogd i Bergen.