Bamiyan: Skilnad mellom versjonar
sInkje endringssamandrag |
|||
Line 3: | Line 3: | ||
|lokalt namn = بامیان |
|lokalt namn = بامیان |
||
|bilete=Overview of area in Bamyam, from Buddha statues.JPG |
|bilete=Overview of area in Bamyam, from Buddha statues.JPG |
||
|bilettekst=Del av Bamiyan sett frå |
|bilettekst=Del av Bamiyan sett frå nisjen til ein øydelagd buddhastatue. |
||
|land = Afghanistan |
|land = Afghanistan |
||
|distrikt = [[Bamiyan-provinsen]] |
|distrikt = [[Bamiyan-provinsen]] |
||
Line 29: | Line 29: | ||
[[Hazarafolk]], som skal stamma frå mongolane, slo seg ned her og levde framleis nokså avsondra frå områda rundt. På 1700-talet blei området erobra av [[pasjtunarar]].<ref name=porirua/> Ved [[den sovjetiske invasjonen av Afghanistan]] i 1979 kjempa innbyggjarane imot invasjonstroppane, og dreiv dei ut av Hazarajat i løpet av få år. |
[[Hazarafolk]], som skal stamma frå mongolane, slo seg ned her og levde framleis nokså avsondra frå områda rundt. På 1700-talet blei området erobra av [[pasjtunarar]].<ref name=porirua/> Ved [[den sovjetiske invasjonen av Afghanistan]] i 1979 kjempa innbyggjarane imot invasjonstroppane, og dreiv dei ut av Hazarajat i løpet av få år. |
||
[[Fil:Boys with bicycles in Bamyan-2012.jpg|mini|Gutar på syklar nær Bamiyan med utsyn mot |
[[Fil:Boys with bicycles in Bamyan-2012.jpg|mini|Gutar på syklar nær Bamiyan med utsyn mot den tomme nisjen etter ein øydelagd buddhastatue.]] |
||
==Moderne Bamiyan== |
==Moderne Bamiyan== |
Versjonen frå 15. mai 2013 kl. 11:18
Bamyan بامیان | |||
by | |||
Del av Bamiyan sett frå nisjen til ein øydelagd buddhastatue.
| |||
Land | Afghanistan | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Bamiyan-provinsen | ||
Høgd | 2 550 m | ||
Areal | 35 km² | ||
Folketal | 100 000 (2014) | ||
Tidssone | UTC+4:30 | ||
Bamiyan 34°49′00″N 67°49′00″E / 34.816666666667°N 67.816666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Bamyan |
Bamiyan (pasjto بامیان, farsi بامیان Bāmyān) er ein by i sentrale Afghanistan som er provinshovudstad i Bamiyan-provinsen. Han har rundt 62 000 innbyhgjartar.[1] Bamiyan den største byen i den sentrale Hazarajat-regionen, og eit kulturelt sentrum for afghanske hazarafolk. Byen ligg rundt 24 mil nordvest for Kabul.[1]
Bamiyan ligg i ein dal mellom Hindukush- og Koh-i-Baba-fjella,[2] rundt 2550 moh.[1] Han har eit tørt klima med ekstreme temperaturendringar. Om vinteren kan temperaturen kan falla til heile -30°C, og dalane og fjella rundt bli snødekte. Om sommaren kan temperaturen nå 40°C.
Namnet «Bamiyan» er blitt omsett som 'stad av skinnande lys'.[2]
Historie
Bamiyan var historisk ein viktig by for reisande. Han var del av Silkevegen.[2] I det første hundreåret var han del av Kusjanriket, der han låg midtvegs mellom hovudstaden (nær dagens Bagram) og Balkh.[1]
På 200-talet skal profeten Mani, grunnleggjaren av manikeismen, ha budd her. Staden var også eit hinduisk og buddhistisk religiøst senter. Det fanst ei rekkje kloster her, og opphaldsholer for munkar og buddhastatuar blei hogde ut av klippene i nærleiken. Dette gjorde byen til ein valfartsstad. Bamiyandalen var ein buddhistisk utpost i vest, og blei verande buddhistisk i 400 år medan resten av Afghanistan konverterte til islam. Først under ghaznavidane blei innbyggjarane i Bamiyan muslimar. Dei skil seg frå majoriteten i Afghanistan ved å følgja sjiaislam.[1]
Bamiyan-området blei styrt av fleire mindre dynasti fram til 1222, då mongolar invaderte Afghanistan. I 1221 raserte mongolhæren Bamiyan og drap størsteparten av innbyggjarane der etter ei kort omleiring.[3]
Hazarafolk, som skal stamma frå mongolane, slo seg ned her og levde framleis nokså avsondra frå områda rundt. På 1700-talet blei området erobra av pasjtunarar.[1] Ved den sovjetiske invasjonen av Afghanistan i 1979 kjempa innbyggjarane imot invasjonstroppane, og dreiv dei ut av Hazarajat i løpet av få år.
Moderne Bamiyan
Fram til Afghanistan blei råka av krig i 1979 var Bamiyan eit vidkjend turistmål for sine mektige buddhastatuar i fjellsidene. Då Taliban sprengde statuane i 2001, vekte det oppsikt over heile verda. Dei buddhistiske ruinane i området blei innskrivne på UNESCO si liste over verdsarv i 2003.[4]
Byen har eit universitet med rundt 900 studentar, og ein lærarskule.[1]
Bamiyan ligg lang hovudvegen mellom Kabul og Turkestan. Byen har ein mindre flyplass, Bamiyan lufthamn.
Bamiyan er vennskapsby med Porirua på New Zealand.[1]
Bakgrunnsstoff
- Tore Hattrem, Det afghanske høylandet – Bamyan, NORGE I VERDEN, 30. mai 2011
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Friendly City Bamiyan, Afghanistan, Porirua City Council (pcc.govt.nz)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Yohani Kamarudin, Bamiyan: Life Beyond the Destruction of the Giant 1,500-Year-Old Buddhas, environmentalgraffiti.com
- ↑ George C. Kohn, Dictionary of Wars s. 55; Amy Romano, A Historical Atlas of Afghanistan, s. 25. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ http://whc.unesco.org/en/list/208