Kharkiv
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kharkiv traktorfabrikk. For elva, sjå Kharkov.
Kharkiv | |||
ukrainsk Харків, russisk Харьков, Kharkov | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kharkiv oblast | ||
Kommune | Kharkiv bykommune | ||
Høgd | 152 moh. | ||
Koordinatar | 49°55′0″N 36°19′0″E / 49.91667°N 36.31667°E | ||
Areal | 310 km² | ||
Folketal | 1 449 000 (2010) | ||
- storby | 1 732 400 | ||
Folketettleik | 4 674 / km² | ||
Grunnlagd | 1655-56[1] | ||
Borgarmeister | Hennadiy Kernes[2] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 61001—61499 | ||
Bilnummer | ХА, 21 (old) | ||
Kharkiv 49°59′33″N 36°13′52″E / 49.9925°N 36.231111111111°E | |||
Kart som viser Kharkiv.
| |||
Wikimedia Commons: Kharkiv | |||
Nettstad: http://www.city.kharkov.ua/en |
Kharkiv (ukrainsk Харків, russisk Ха́рьков, Kharkov) er den nest største byen i Ukraina.
Byen vart grunnlagd i 1654 og var eit stort senter for ukrainsk kultur i Det russiske imperiet. Kharkiv vart den første byen i Ukraina som godtok sovjetisk makt i desember 1917 og vart seinare hovudstad i Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Kharkiv var hovudstad i Ukrainske SSR fram til 1934, då hovudstaden vart flytta til Kiev. I dag er han det administrative senteret i Kharkiv oblast og det omliggande Kharkiv rajon, medan byen i seg sjølv har ein spesialstatus i regionen. Byen ligg nordaust i landet. I 2006 hadde byen kring 1,5 millionar innbyggjarar.[3]
Kharkiv er eit stort senter for kultur, vitskap, utdanning, samferdsle og industri i Ukraina med 60 vitskaplege institutt, 30 høgare utdanningsinstitusjonar, seks museum, sju teater og 80 bibliotek. Kharkiv er den næraste storbyen til kolfelta i Donbas. Industrien er hovudsakleg basert på maskineri. Det er hundrevis av industriføretak i byen. Av desse finn ein verdskjende gigantar som Morozov designbyrå og Malysjov stridsvognfabrikk, som har vore leiande i produksjon av stridsvogner sidan 1930-åra; Khartron (elektronikk for romfart og kjernekraft) og produksjon av Turboatom-turbinar.
Byen har eit tunnelbanesystem (metro) med kring 38,1 km med baner og 29 stasjonar. Eit kjent landemerke i Kharkiv er Fridomsplassen (Maidan Svobody tidlegare kjend som Dzerzjinskyjplassen), som i dag er det sjette største bytorget i Europa og det 12 største i verda.
Kharkiv var vertskapsby for UEFA Euro 2012 og tre kampar vart spelte på Metaliste stadion.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kharkiv vart grunnlagt kring 1654-1655 som ein festningssterk kosakkoloni på eit territorium kontrollert av Moskva, etter at polakkane slo tilbake mot den ukrainske kosakkoppstanden i 1648. Dei ukrainske kosakkane oppretta i områda rundt Kharkiv ei autonom politisk eining under namnet Slobidska Ukraina. I 1765 vart Kharkiv hovudstad i Ukraina, og voks sterkt med industrialiseringa av Donetsbekkenet. Byen vart i løpet av 1800-talet hovudsete for utviklinga av handel og industri austom Dnepr. Folketalet var i 1856 30 600, i 1879 102 100, i 1920 285 200. Byen var 1920–1934 hovudstad i Ukrainske SSR. 1941 inntok tyskarane Kharkiv, som vart sterkt øydelagt under kampane 1942–43. Byen er seinare gjenoppbygd med breie gater, monumentale offentlege bygningar og meir.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kharkiv ligg nordaust i Ukraina og har historisk sett høyrt til Sloboda Ukraina, der han vart rekna som hovudbyen. Byen ligg ved samløpet mellom elvane Kharkiv, Lopan og Udy, der dei renn inn i vassdraget til Donets.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Kharkiv har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb), med kalde og snørike vintrar og varme somrar. Temperaturtilhøva er ikkje for kalde om vinteren og ikkje for varme om sommaren: -4,6 °C i januar og 21.3 °C i juli. Årsmiddelnedbøren er 513 mm per år, med mest nedbør i juni og juli.
Vêrdata for Kharkiv i Ukraina 1981-2010 | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 11 | 14,6 | 21,8 | 30,4 | 34,5 | 36,8 | 37,6 | 39,8 | 33,7 | 29,3 | 20,3 | 13,4 | 39,8 |
Gjennomsnittleg maks °C | −2,2 | −1,6 | 4,3 | 14 | 20,8 | 24,3 | 26,4 | 25,7 | 19,4 | 12 | 3,6 | −1,1 | 12,1 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −4,6 | −4,5 | 0,7 | 9,2 | 15,6 | 19,3 | 21,3 | 20,3 | 14,4 | 7,9 | 0,9 | −3,5 | 8,1 |
Gjennomsnittleg min °C | −7 | −7,3 | −2,4 | 4,6 | 10,3 | 14,2 | 16,2 | 14,9 | 9,8 | 4,3 | −1,5 | −5,9 | 4,2 |
Lågast målte °C | −35,6 | −29,8 | −32,2 | −11,4 | −1,9 | 2,2 | 5,7 | 2,2 | −2,9 | −9,1 | −20,9 | −30,8 | −35,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 36 | 33 | 32 | 34 | 50 | 61 | 60 | 42 | 47 | 44 | 41 | 36 | 516 |
Gns. dagar med regn | 10 | 8 | 9 | 13 | 14 | 15 | 13 | 10 | 12 | 12 | 13 | 12 | 141 |
Gns. solskinstimar i månaden | 49,6 | 65 | 108,5 | 162 | 238,7 | 264 | 272,8 | 248 | 186 | 124 | 48 | 31 | 1 797,6 |
Kjelde: Weather and climate – Kharkiv's climate [4]Hong Kong Observatory. (sun only 1961-1990)[5] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kharkiv» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Харьков. Great Soviet Encyclopedia.
- ↑ Kharkiv mayor declares over Hr 6 million income for 2011, Kyiv Post (10 April 2012)
- ↑ «Results / General results of the census / Number of cities». 2001 ukrainsk Census. Arkivert frå originalen 9. januar 2006. Henta 9. september 2012.
- ↑ Climate Information for Kharkiv, Weather and Climate,pogoda.ru.net, accessed 9. september 2012.
- ↑ Climatological Information for Har'kov i Ukraina, Hong Kong Observatory accessed 9. september 2012.
- «Kharkiv». Store norske leksikon.