Chaghcharan
Chaghcharan چغچران | |||
by | |||
Frå Chaghcharan flystripe
| |||
Land | Afghanistan | ||
---|---|---|---|
Region | Ghor-provinsen | ||
Folketal | 15 000 | ||
Tidssone | UTC+4:30 | ||
Chaghcharan 34°31′21″N 65°15′06″E / 34.5225°N 65.251666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Chaghcharan |
Chaghcharan (persisk چغچران, Chaghcharān, [tʃægtʃæˈrɑːn]) er ein by og eit distrikt i sentrale Afghanistan som er provinshovudstad for Ghor-provinsen. Byen ligg på sørsida av Hari-elva, 2 230 moh. Han har rundt 15 000 innbyggjarar, dei fleste persisktalande.
Før den afghanske borgarkrigen var Chaghcharan ein marknadsby for husdyr der ein kjøpte og selde kyr, sauar og geiter.[1] Byen har vegsamband med Kabul i aust og Herat i vest; han ligg rundt 35 mil frå kvar. Vegen kan vera stengd på grunn av dårleg vêr om vinteren. Chaghcharan flystripe ligg nordaust for byen.
Chaghcharan har eit sjukehus som er blitt drive med støtte frå Leger uten grenser gjennom fleire år.[1]
Historie
Ghor-området husa ei rekkje ulike folkegrupper og religionar fram til islam blei innført av Mahmud av Ghazni på 900-talet. Etter at ghaznavidedynastiet fall på 1100-talet fekk eit lokalt dynasti, ghuridedynastiet eller shansabānī, makta i Ghor in the 12th century.[2] Området blei erobra av mongolane under Djenghis khan på 1200-talet, og var del av Ilkhanatet fram til 1300-talet.
Chakhcherān er først nemnd ved namn i Baburnama, eit verk frå 1500-talet som skildrer stormogul Babur si vitjing i 1507 undervegs til Kabul. Det var då ein by i Gharjistan-regionen]].[3]
I 2001 blei byen teken av Nordalliansen etter å ha vore under herredømet til Taliban.[4] I juni 2004 tok styrkene til krigsherren Abdul Salaam Khan byen, og guvernøren måtte flykta.[5] Nokre dagar seinare kom den afghanske hæren til byen saman med nokre amerikanske soldatar, og opprørarane flykta i forkant.[6]
I juni 2005 skipa ISAF-styrker leidd av Litauen ei PRT-gruppe i byen.[2]
Klima
Chaghcharan har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsb) med kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar. Området har lite nedbør som hovudsakleg fell vinter og vår.[1]
Innbyggjarar
Det bur rundt 15 000 menneske i Chaghcharan, slik at byen er den største i provinsen. Dei største folkegruppene i provinsen er persisktalande tadsjikar (96 %), pasjtunar og hazarafolk (2 % kvar i 2002).[1]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 UNCHR Sub Office-Herat - District profile, aims.org.af (21.10.2002)
- ↑ 2,0 2,1 http://www.jame-ghor.com/english/ghor_information/0001_10122012_ghor_info.htm
- ↑ Zahir ud-Din Mohammad Babur (1507). «Events Of The Year 912». Memoirs of Babur. Packard Humanities Institute. Henta 18. august 2011.
- ↑ Afghansk opposisjon tar kontroll over viktig by, dagbladet.no (11.10.2001)
- ↑ Afghanske krigere inn i provinshovedstad, aftenposten.no (18.jun. 2004)
- ↑ Find Out All About Ghor, rkabuli.20m.com (vitja 16. mai 2013)
---
- Denne artikkelen bygger på «Chaghcharan» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
- Dupree, Nancy Hatch (1977): An Historical Guide to Afghanistan. 1st Edition: 1970. 2nd Edition. Revised and Enlarged. Afghan Tourist Organization. (Chapter 32 - Chakhcharan to Herat)