Inkasso
Inkasso er eit omgrep for inndriving av gjeld og krav som ikkje er betalt innan forfall, og vanlegvis etter purringar frå opphavleg kravshavar.
Opphavleg kravshavar kan anten be inkassofirmaet krevje inn beløpet frå skuldnaren, med tillegg av inkassogebyr og så få nettobeløpet. Inkassofirmaet får inkassogebyret. Eller kravshaveren kan selje kravet til inkassofirmaet, altså få eit mindre beløp enn opphavleg krav, men få det med ein gong. I slike høve krev deretter inkassofirmaet inn kravet og tek heile beløpet pluss inkassogebyr sjølv.
For å drive inkasso må ein antan ha løyve, inkassoløyve etter inkassolova, eller vere advokat.
Større norske inkassobyrå med løyve frå Finanstilsynet er mellom anna Intrum Justitia AS, Lindorff, Kredinor og Aktiv Kapital.
Inkassoverksemd blir regulert av inkassolova med tilhøyrande forskrifter, og er under tilsyn av Finanstilsynet.