Hopp til innhald

Oset kapell

Koordinatar: 60°47′22″N 11°28′39″E / 60.78944°N 11.47750°E / 60.78944; 11.47750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 29. juli 2013 kl. 14:33 av Vinguru (diskusjon | bidrag) (Nytt oppslag: Oset kapell (Løten))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

60°47′22″N 11°28′39″E / 60.78944°N 11.47750°E / 60.78944; 11.47750

Oset kapell
Oset kapell
Foto: Kirkenorge.no
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Hamar domprosti
Sokn Løten
Fellesråd Løten
Material Tre
Innvigd 1885
Kyrkjegard Nei
Altartavle Selma Andersen, 1934
Sitjeplassar 70
Kart
Oset kapell
60°47′22″N 11°28′39″E / 60.78944444°N 11.4775°E / 60.78944444; 11.4775
Wikimedia Commons: Oset kapell


Oset kapell er eit kapell i Løten kommune, Hedmark fylke. Byggverket er i tre og har 70 plassar.

Bygget vart flytta dit det no står, i 1875. I 1885 vart det utvida med kor etter teikningar av ingeniør Søborg og vigsla som kapell. Det vart også brukt som skole fram til 1918.

Altartavla vart måla av Selma Andersen og teken i bruk i 1934. Biletet syner krossfestinga.

Rokosjøen camping er tett attmed kapellet, som ikkje har nokon kyrkjegard.

Bakgrunnsstoff

  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). «Oset kapell». Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 158-159. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Kjøs, Erik, m.fl. (2000). Løten kirke gjennom 800 år. Løten menighetsråd. s. 82-83. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 639. ISBN 82-7527-022-7. 
  • Oset kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren