Refsnes gods
59°26′36.931″N 10°37′0.037200″E / 59.44359194°N 10.61667700000°E
Refsnes Gods er eit gods på Jeløya i Moss kommune. I dag er det hotelldrift i hovudbygningen på det tidlegare godset under namnet Hotell Refsnes Gods.
Namnet Refsnes kjem frå Rif, rev, etter ei grunne som går ut i fjorden utanfor hotellet.
Hovudbygningen vart oppført i 1767 og er lett å kjenne att på dei to tårna. Han vart teken i bruk som lystgard av andre generasjon Chrystie, ei slekt som opprinneleg kom frå Skottland.
Hotellet har sju originalverk av Edvard Munch, mellom dei «Blå kjole» og to litografier som vart stjålne i mars 2005, men funne att kort tid etterpå. Hotellet har elles ei betydeleg samling med kunst av mellom andre Jakob Weidemann, Frans Widerberg, Nico Widerberg, Per Ung og amerikanske Andy Warhol. Kvart rom er dessuten utsmykka med sin «eigen» kunstner.
Hotellet er elles kjent for kjøkenet og vinkjellaren.
Refsnes Gods er tildelt Olavsrosa.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- Informasjon om Chrystie-familien
- Olavsrosa hjå Norsk Kulturarv
- Denne artikkelen bygger på «Refsnes Gods» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2013.