Hopp til innhald

Kirsten Sand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 6. september 2022 kl. 23:43 av Andreasv (diskusjon | bidrag) (la til Kategori:Vinnarar av Teskjekjerringprisen med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Kirsten Sand

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. november 1895
Christiania
Død

12. mai 1996 (100 år)
Tromsø kommune

Yrke arkitekt
Medlem av Norske arkitekters landsforbund
Kirsten Sand på Commons
Mellomvegen 130 frå 1952, eksempel på «eksperimenthus» for kjellarlause hus og med halvopen planløysing teikna av Kirsten Sand, som sjølv budde i huset.
Foto: Harald Groven

Kirsten Sand (27. november 189512. mai 1996) var ein norsk arkitekt og musikkpedagog frå Oslo. Ho var den fyrste kvinna som fullførte arkitektstudiet ved NTH, da ho blei uteksaminert derfrå i 1919.[1] Sand var leiar av gjenreisingskontoretSkjervøy etter krigen, men flytta i 1950 til Tromsø.

I Tromsø budde Kirsten Sand på Mellomvegen i eit hus ho teikna sjølv i 1952. Dette huset vart freda i 2018.[2][3]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 1965 fekk Sand Kongens fortenestmedalje i gull.[4] Ho fekk Teskjekjerringprisen for arbeidet sitt med musikk for barn i 1983.

  1. Norsk kunstnerleksikon, bind 3 : N-So, Oslo: Universitetsforlaget, 1986, s. 437-438, digital utgåve
  2. «Arkitekt Kirsten Sands hus fredet - Riksantikvaren», www.riksantikvaren.no, henta 2. juli 2019 
  3. Kirsten Sand huset - Mellomveien 130 Om Kirsten Sand-huset frå Kulturminnesøk
  4. Tildeling av ordener og medaljer frå Kongehuset
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.