Hopp til innhald

Valentin Porte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. januar 2024 kl. 12:32 av 90sveped (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Valentin Porte


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 7. september 1990 (34 år)
Versailles
Idrett handball
Tok del i Handball under Sommar-OL 2016 – Menn, Handball-EM 2014 for menn, Handball-VM 2015 for menn, Handball-EM 2016 for menn, Handball-VM 2017 for menn, Handball-EM 2018 for menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn
Utmerkingar ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Ridder av Æreslegionen

Valentin Porte (fødd 7. september 1990) er ein fransk handballspelar frå Versailles. Han har vunne to gullmedaljar, sølv og bronse i verdsmeisterskap, gull- og sølvmedalje i olympiske sommarleikar og gull- og bronsemedalje i europameisterskap. I 2018 vann han meisterligaen som Montpellier-spelar. Han er venstre rykkromspelar, kan òg vere høgrekant.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Porte fekk sin landslagsdebut i 2013 og har sidan delteke i 170 landskampar og skåra 405 mål. Med Frankrike sitt mannskap vann han EM-gull i 2014, VM-gull 2015, OL-sølv 2016, VM-gull 2017, EM-bronse 2018, VM-bronse 2019, OL-gull 2021 og VM-sølv 2023.

Porte spelte på Fenix Toulouse frå 2008 til 2016. Sidan då har han vore aktiv i Montpellier sitt sterke mannskap. 27. mai 2018 var han med på å slå Nantes 32–27 i finalen i meisterligaen. Med sine 64 mål var han lagets toppskårar i turneringa og bidrog, saman med mellom andre kapteinen Michaël Guigou og Vincent Gérard til Montpellier sin triumf.

  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM gull: 2015, 2017 med Frankrike
  • EM-gull: 2014 med Frankrike
  • OL-sølv: 2016 med Frankrike
  • VM-sølv: 2023 med Frankrike
  • EM-bronse: 2018 med Frankrike
  • VM-bronse: 2019 med Frankrike
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2018 med Montpellier HB