1701
Utsjånad
1699 | 1700 | 1701 | 1702 | 1703 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1701 (romartal MDCCI) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen. I den svenske kalenderen var det eit normalår som byrja på ein tysdag.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 12. januar: Friesland, Groningen og dei protestantiske kantonane i Sveits tok i bruk den gregorianske kalenderen.[1]
- 18. januar: Kurfyrstedømet Brandenburg-Preussen blei til Kongeriket Preussen då kurfyrsten Fredrik III blei utropt til konge med namnet Fredrik I. Preussen overtok Brandenburg si stilling i det tysk-romerske riket og bestod no av Markgrevskapet Brandenburg, Pommern og Austpreussen med Berlin som hovudstad.[2]
- 8. mars: Fyrstedømet Mecklenburg-Strelitz blei skapt.
- 9. mars: Safavidestyrkar trekte seg tilbake frå Basra etter ein tre år lang okkupasjon.[3]
- 12. mai: Drenthe tok i bruk den gregorianske kalenderen.[1]
- 4. august: Den store freden i Montreal blei underskriven av representantar for Ny-Frankrike og 40 First Nations-grupper.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Folketeljing i Noreg.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1701.
- 6. april: Herman Løvenskiold, norsk godseigar og jernverkseigar
- 7. mai: Carl Heinrich Graun, tysk komponist og songar
- 27. april: Karl Emmanuel III av Sardinia, konge
- 4. juni: Nicolai Eigtved, dansk arkitekt
- 19. juni: François Rebel, fransk komponist
- 22. september: Anna Magdalena Bach, tysk songar
- 27. november: Anders Celsius, svensk oppfinnar og astronom
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1701.
- 23. mai: Anne Hilarion de Costentin de Tourville, marskalk av Frankrike
- 2. juni: Madeleine de Scudéry, fransk romanforfattar
- 16. september: Jakob II av England, engelsk-irsk-skotsk konge
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Adoption of the Gregorian calendar
- ↑ «Historical Events for Year 1701 | OnThisDay.com». Historyorb.com. Henta 5. juli 2016.
- ↑ Matthee 2006b.
- Matthee, Rudi (2006b). «Iraq iv. Relations in the Safavid period». Encyclopaedia Iranica (Vol. XIII, Fasc. 5 and Vol. XIII, Fasc. 6). New York. s. 556–561.
<< 1700 | 1701 | 1702 | 1703 | 1704 | 1705 | 1706 | 1707 | 1708 | 1709 | 1710 | 1711 | 1712 | 1713 | 1714 | 1715 | 1716 | 1717 | 1718 | 1719 | 1720 | 1721 | 1722 | 1723 | 1724 | 1725 | 1726 | 1727 | 1728 | 1729 | 1730 | 1731 | 1732 | 1733 | 1734 | 1735 | 1736 | 1737 | 1738 | 1739 | 1740 | 1741 | 1742 | 1743 | 1744 | 1745 | 1746 | 1747 | 1748 | 1749 | 1750 | 1751 | 1752 | 1753 | 1754 | 1755 | 1756 | 1757 | 1758 | 1759 | 1760 | 1761 | 1762 | 1763 | 1764 | 1765 | 1766 | 1767 | 1768 | 1769 | 1770 | 1771 | 1772 | 1773 | 1774 | 1775 | 1776 | 1777 | 1778 | 1779 | 1780 | 1781 | 1782 | 1783 | 1784 | 1785 | 1786 | 1787 | 1788 | 1789 | 1790 | 1791 | 1792 | 1793 | 1794 | 1795 | 1796 | 1797 | 1798 | 1799 >>