22. november
Utsjånad
22. november er den 326. dagen i den gregorianske kalenderen (327. under skotår). Det er 39 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 22. november i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Cecilie, Silje og Sissel |
Sverige | Cecilia og Sissela |
Danmark | Cecilia |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1277: Giovanni Gaetano Orsini blei pave Nicolas III.
- 1830: Charles Grey blei statsminister i Storbritannia.
- 1943: Kairo-konferansen under andre verdskrigen: Dei allierte stormaktsleiarane Franklin D. Roosevelt, Winston Churchill og Chiang Kai-shek møttest for å diskutera korleis dei skulle vinna over Japan.
- 1956: Imre Nagy blei arrestert og bortført av sovjetiske styrkar.
- Sommar-OL 1956 opna i Melbourne i Australia.
- 1963: Den amerikanske presidenten John F. Kennedy blei drepen ved eit attentat i Dallas i Texas. Visepresidenten Lyndon B. Johnson blei ny president.
- 1975: Juan Carlos I blei konge av Spania.
- 1976: Israelske styrkar tok oppstilling ved grensa til Libanon.
- 1989: Den libanesiske presidenten Rene Moawad blei drepen av ei bombe i Beirut.
- 1990: Margaret Thatcher gjekk av som statsminister i Storbritannia.
- 2005: Angela Merkel blei den første kvinnelege tyske forbunskanslaren.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1911: Spitsbergen radio/LFG tok til å senda frå Svalbard.
- 1943: Andre verdskrigen: Den norske ubåten KNM Ula (P-66) senka det norske handelsskipet Arcturus, som gjekk i lastefart for tyskerne. Fem menneske døydde.
- 1973: Oljekrisa: Regjeringa vedtok kvelds- og helgestenging av alle bensinstasjonar. Leveransar av parafin og fyringsolje skulle senkast med 25 % i fyringssesongen 1973–74.
- 1987: Mongstad-skandalen: Statoils administrerande direktør Arve Johnsen gjekk av etter overskridingar ved utbygginga av oljeraffineriet på Mongstad.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 22. november.
- 1746: Bernt Anker, norsk forretningsmann
- 1817: Ole Thomesen, norsk sakførar og politikar
- 1869: André Gide, fransk forfattar og nobelprisvinnar
- 1877: Cecilio Apostol, filippinsk dikter og forfattar
- 1890: Charles de Gaulle, fransk president
- 1947: Terje Rød-Larsen, norsk politikar og visegeneralsekretær i FN
- 1948: Trond Bakkevig, norsk prest
- 1955: Sverre Knudsen, norsk forfattar og musikar
- 1969: Åge Sten Nilsen, norsk musikar (Wig Wam)
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 22. november.
- 1774: Robert Clive, britisk generalguvernør
- 1856: Peder Fauchald, norsk politikar
- 1888: Johan Augustinussen, norsk politikar
- 1889: Georg Harbitz, norsk politikar
- 1890: Frank Buchser, sveitsisk målar
- 1906: Ernst Josephson, svensk målar
- 1961: Ole Hallesby, norsk teolog
- 1963: John F. Kennedy, president i USA (skoten)
- Aldous Huxley, britisk forfattar
- C. S. Lewis, britisk forfattar og filolog
- 2000: Emil Zátopek, tsjekkisk friidrettsutøvar