Aase Texmon Rygh
Aase Texmon Rygh | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. april 1925 Dyrøy kommune |
Død |
21. mai 2019 (94 år) |
Yrke | bilethoggar |
Ektefelle | Thorbjørn Rygh |
Aase Texmon Rygh (13. april 1925–21. mai 2019) var ein norsk bilethoggar som var fødd i Langhamn i Dyrøy kommune.[1] Ho vart utdanna hjå Statens håndverks- og kunstindustriskole i åra 1944–46 og Det Kongelige Danske Kunstakademi i København under Einar Utzon-Frank i åra 1948–49.
Aase Texmon Rygh heldt seg i heile den kunstnariske verksemda si til eit enkelt og abstrahert skulpturelt uttrykk, eit formspråket ho fann fram til tidleg i karrieren, i ei tid då den naturalistiske skulpturen så seie var einerådande i Noreg. Utdanninga ho fekk på akademiet i København i 1948-1949 og ei reise til Paris i 1950 vart viktige for retninga den kunstnariske verksemda hennar skulle take: I motsetnad til i Noreg, hadde i Danmark ikkje berre målarkunsten, men òg bilethoggarkunsten utvikla seg mot abstraksjon og forenkling, og i Paris vart ho inspirert av både den europeiske modernismen og dei enkle gamle greske skulpturane i Louvre. På denne bakgrunnen fekk uttrykket hennar meir til felles med internasjonal modernistisk skulptur enn den skulpturen som var tonegjevande i Noreg.
Særleg er Aase Texmon Rygh kjend for det som vert kalla hennar Møbius-skulpturar, ein serie skulpturar basert på det matematiske möbiusbandet som den tyske matematikaren August Ferdinand Möbius (1790-1868) hadde funne fram til.
Aase Texmon Rygh har hatt flleire offentlege utsmykkingsoppdrag i Noreg. Hennar skulpturar i Noreg er mellom andre: Spiral II (1952), Bjørn Farmann-monumentet i Tønsberg (1971, to modellerte og støypte bronseplater plassert i V- formasjon opp mot kvarandre), Løk (1977, Universitetet for miljø- og biovitskap), og skulpturar som er kjenneteikna av å vere nesten reine U-teikn og O-teikn: Volta (1978) og Brutt form (1983, Furuset Senter, Oslo).
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design: Museet for samtidskunst i Oslo eig fire arbeid av Aase Texmon Rygh, og har skipa til den fyrste separatutstillinga av verka hennar, Aase Texmon Rygh. Modernisme for alltid! i perioden 7. mars–28. September 2014. Her vart lagt vekt på å syne breidda i produksjonen hennar med skulpturar frå 1950-talet og fram til 2014. Hennar kunst har i dei seinare åra stendig fått aukande nasjonal og internasjonal merksemd og åtgaum. Ho var representert ved den tonegjevande kunstmønstringa dOCUMENTA (13) i Kassel i Tyskland i 2012.
I 2001 vart Aase Texmon Rygh riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen.
Ho var gift med interiørarkitekten og industridesignaren Thorbjørn Rygh (1924-2015).[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mørstad, Erik (20. februar 2017). «Aase Texmon Rygh». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Romsaas, Jan (28. september 2014). «Thorbjørn Rygh». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 20. oktober 2017.