Hopp til innhald

Akustikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høgtalarikon med teikna lydbølgjer.

Akustikk er ein disiplin innan fysikk, knytt til lyd, der ein studerer bylgjer i gassar, væsker og fast stoff.

Ordet kjem frå gresk akoustikos som er sett saman av akouein, 'å høyra' og 'ikos', 'knytt til'.

Undergrupper av akustikk

[endre | endre wikiteksten]

Akustikk er eit svært omfattande felt og det finst mange undergrupper av akustikk.

  • Psykoakustikk handlar om korleis levande organismar oppfattar lyd. Storparten av forskninga innan dette feltet har vore retta mot den menneskelege hørselsansen.
  • Støy og støydemping er viktige undergrupper av akustikk. Støydemping kan vera både passiv og aktiv.
  • Ultralyd er studiet av høgfrekvent lyd (over det hørbare området)
  • Andrew M. Colman, red. (2009), «acoustic adj.», A Dictionary of Psychology, Oxford University Press