Alberto Granado
Utsjånad
Alberto Granado | |||
| |||
Fødd | 8. august 1922 Hernando | ||
---|---|---|---|
Død | 5. mars 2011 Havanna | ||
Nasjonalitet | Colombia | ||
Område | biokjemi | ||
Yrke | vitskapsperson, skribent, manusforfattar, farmasøyt, lege, filmfotograf | ||
Institusjonar | Universitetet i Havanna Universidad de Oriente | ||
Alma mater | Universitetet i Havanna |
Alberto Granado (fødd 8. august 1922) var ein argentinsk-kubansk biokjemikar som var reisekameraten til Che Guevara på ein motorsykkeltur gjennom store delar av Sør-Amerika i 1951. Granado vart i 1960 invitert til Cuba av Che Guevara for å vere med på oppbygginga av helsevesenet. Granado grunnla Santiago medisinske skole i Santiago de Cuba.
Ved innspelinga av Motorsykkeldagbøkene i 2004, som handla om Granado og Che Guevara si reise i 1951, deltok den 82-årige Alberto Granado som konsulent filmen. Rolla som Granado vart spelt av Rodrigo de la Serna. Rolla som Che Guevaras vart spelt av den meksikanske skodespelaren Gael García Bernal.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- The Motorcycle Diaries (ISBN 1-84413-426-1)
- Travelling with Che Guevara: The Making of a Revolutionary (ISBN 1-84413-426-1)