Alonso Cano
Alonso Cano | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 19. mars 1601 Granada |
Død |
3. september 1667 (66 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, arkitekt, bygningstegner, biletkunstnar |
Alonso Cano på Commons |
Alonso Cano eller Alonzo Cano (19. februar 1601–3. september 1657) var ein spansk kunstmålar, arkitekt og bilethoggar.
Cano var fødd i Granada. Han flytta til Sevilla, der han utdanna seg både til målar (som lærling av Francisco Pacheco) og bilethoggar (under Juan Martínez Montañés). Cano blei hoffmålar i Madrid og blei nytta til å laga fleire dekorative arbeid. Han var kjend for eit valdsamt temperament, og på grunn av dette og mistankar om drap på kona si måtte han ei tid halda seg unna hovudstaden. Cano arbeidde då i Valencia og andre stader.
Han hamna til slutt i fødebyen Granada. Her blei han overbyggmeister for katedralen, der han skapte hovudfasaden i original barokkstil og for øvrig utsmykka bygningen med skulpturar og måleri. Cano utførte også Magdalenakirken i Granada. Som skulptør er Cano mest kjend gjennom sine kraftig modellerte og måla treskulpturar. Han blei likevel betre kjend som målar. Dei best kjende måleria hans er Madonna del Rozario i katedralen i Malaga og Den heilage Agnes i Berlin.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]Måleri
-
Den heilage Jakob, ca. 1635.
-
'To kongar av Spania', 1641.
-
'Den døde Kristus støtta av ein engel', 1646-1652
-
Jomfru Maria. Mellom 1646 og 1650.
-
'Visjonen til den heilage Bernhard'. Ca. 1650.
Skulpturar
-
Johannes døyparen, 1634
-
Inmaculada (jomfru Maria)
-
Inmaculada
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alonso Cano» frå Wikipedia på bokmål, den 19. november 2015.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Svensk uppslagsbok. Lund 1930
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: