Anita Andreassen
Utsjånad
Anita Andreassen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. oktober 1960 (64 år) |
Idrett | sledehundkjøring, langrenn, sykkelsport |
Utmerkingar | Egebergs Ærespris, Årets tromsøværing |
Anita Andreassen (fødd 9. oktober 1960), mest kjend under fødenamnet Anita Andreassen, er ein norsk hundekøyrar, syklist og langrennsløpar frå Tromsø.
Andreassen har 7 kongepokalar i hundekøyring, frå 1982–1987 og i 1989. Ho vart tre gonger verdsmeister frå 1992 til 1994, og europameister i 1993 og 1994. I tillegg har ho vunne 4 nordiske meisterskap.
Ho har også merittar frå andre idrettsgreiner. Ho var på sykkellandslaget frå 1977 til 1980, og har òg ein kongepokal frå sykkelsport. Som syklist har ho også delteke i VM. Andreassen har også drive med langrenn og fått fleire gode plasseringar.
- 1982: Troms idrettskrets sitt heidersteikn
- 1996: Egebergs Ærespris for allsidige idrettsprestasjonar.
- 2004: Utmerking med stjerne frå Troms idrettskrets, for prestasjonane som kom etter 1982.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Anita Andreassen» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2011.