Anita Wachter
Anita Wachter | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 12. februar 1967 (57 år) Bartholomäberg |
Idrett | alpint |
Tok del i | Alpint under Vinter-OL 1992 – Storslalåm kvinner, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – women's combined, alpine skiing at the 1992 Winter Olympics – women's combined |
Utmerkingar | æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken |
Anita Wachter (fødd 12. februar 1967) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Bartholomäberg i Vorarlberg som vann verdscupen i alpine greiner 1993 og vart olympisk meister i kombinasjon i 1988. Ho vann til saman åtte meisterskaps-medaljar i tida 1988-99, tre av medaljane kom i yndlingsgreina storslalåm, fire i kombinasjon og eitt i slalåm.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Vinteren 1985 vart Wachter junior-verdsmeister i både slalåm og storslalåm. I november 1987 fekk ho sitt gjennombrot då ho vann sin fyrste verdscupsiger i slalåm i Courmayeur. Mindre enn tre månader seinare, i februar 1988, vart ho olympisk meister i kombinasjonen under Vinter-OL 1988 i Calgary.
I 1990-sesongen vart Wachter nummer to i verdscupen i alpine greiner 1990 og sigra i kampen om FIS-pokalen i storslalåm. Ved VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm oppnådde ho ein bronsemedalje i super-G, medan ho i februar 1992 vann sølvmedaljar både i storslalåm og i kombinasjon under dei olympiske vinterleikane i Albertville.
Wachter gjekk heilt til topps i verdscupen i alpine greiner 1993. Ho sikra seg elles ein sølvmedalje i storslalåm og ein bronsemedalje i kombinasjonen ved VM i alpine greiner 1993 i japanske Morioka. Ho vart det året vald til årets kvinnelege idrettsutøvar i Austerrike for 1993.
OL-sesongen 1994 vann Wachter for andre gong FIS-pokalen for storslalåm, men måtte nøye seg med ein fjerdeplass i øvinga under Vinter-OL 1994 på Lillehammer. To år seinare sikra ho seg ein sølvmedalje i kombinasjonen ved alpin-VM 1996 i Sierra Nevada i Spania.
I januar 1998 fall Wachter stygt i eit super-G-renn i Cortina d'Ampezzo og pådrog seg store skadar i høgre kne. Ho kom likevel sterkt tilbake i 1999-sesongen med fire sigrar i storslalåm i verdscupen. Ved alpin-VM 1999 i Vail i Colorado tok ho bronsemedaljen i storslalåm-tevlinga. Wachter vann storslalåmrennet i Lienz den 28. desember 1999. Det var hennar 19. og siste rennsiger i verdscupen og hennar 75. pallplass. Ho la opp etter ein lite minnerik 2001-sesong.
Wachter lever i familie med den tidlegare skirennaren Rainer Salzgeber.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Anita Wachter» frå Wikipedia på tysk, den 10. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Anita Wachter – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Anita Wachter» (på engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1967
- Austerrikske alpinistar
- Olympiske meistrar for Austerrike
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1988
- Alpinistar under vinter-OL 1988
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1992
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1992
- Alpinistar under vinter-OL 1992
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1994
- Alpinistar under vinter-OL 1994