Hopp til innhald

Arabesk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antikt rankeornament frå Ara Pacis, eit fredsalter i marmor oppført år 13–9 f.Kr. i Roma.
Arabesk med arabiske skriftteikn, keramikk frå Timurid-dynastiet, eit tyrkisk dynasti i Iran som blei etablert av Timur Lenk på 1300-talet.

Arabesk eller mauresk er eit mønster av stiliserte bladranker. Det oppstod i hellenistisk kunst og blei òg brukt i romersk og bysantinsk kunst. På grunn av biletforbodet i islam blei mønsteret populært og blei vidareutvikla i arabisk kunst. I muslimsk kunst er motivet særleg brukt i ornamentikk som element i dekor av veggene i moskear. Inspirert av arabisk kunst blei motivet populært i vestleg kunst frå tidleg renessanse.

Namnet kjem av det italienske ordet arabesco («arabisk») og viser eigentleg til den vestlege bruken av motivet.