Arbeidshest
Arbeidshest er ein hest som vert nytta til arbeid som gardsarbeid, skogsarbeid, transport og liknande.
Heilt frå arilds tid og fram til 1960-talet vart det nytta hestar i landbruket, både i Noreg og mange andre land. Sjølv om det vart importert nokre traktorar før 1. verdskrigen var det fyrst på 1920-talet at hestane fekk reell konkuranse av traktorane og på små bruk var det ikkje før på 1950-talet at traktorane erstatta hestane. I fleire tiår vart hestar og traktorar nytta side om side. I skogbruket vart det fyrast på 1950-talet at traktorane tok til å konkurrera ut hestane.
Hestetypar
[endre | endre wikiteksten]- Boulognhest
- Brabanthest
- Bretagnehest
- Clydesdale
- Lyngshest/Nordlandshest
Fjordhesten er ein lett hest, med ei høgd på 1,35 m til 1,55 m. Han er lett å kjenna att på den blakke farga og det ståande fakset. Fjordingen var viktig i norsk landbruk, spesielt på Vestlandet.
- Frisar
- Gypsy vanner
- Irsk Draught
Percheron er ein rase som art avla fram i området rundt Mortagne-au-Perche i Normandie i Frankrike på 700-talet. Percheron er ein stor hest, med ei høgd på 1,65 til 1,85 m og ei vekt på 900 til 1200 kg. Farga er grå, ofte med flekkar, eller kvit. Kroppen er kompakt og muskuløs, med krafige føter. Hesten framstår elegant, noko som skuldast innkryssing av arabarhest på 700-talet.
Det er ein sterk arbeidshest som kan dra tungt og arbeida stødig. Han er godlynt og lettkjøryd og høver like godt for jordbruk og skogbruk som til kjøyrehest.
- Shirehest
- Suffolk Punch
Arbeidsoppgåver
[endre | endre wikiteksten]Ein finn arbeidshestar i jordbruks-, skogbruks- og transporthistorie.
I jordbruket
[endre | endre wikiteksten]-
Horving med hestar.
-
Tømmerkjøring med hest.
-
Hesteskyss.
-
Sledetransport.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2021) |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- HestDenne dyreartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.