Hopp til innhald

Artur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnetrekket til den kanadiske politikaren Arthur Meighen.
Namnetrekket til den amerikanske presidenten Chester Arthur.
Portrettet til Arthur Balfour, og namnetrekket hans under Balfour-deklarasjonen.

Artur eller Arthur er eit engelsk mannsnamn av keltisk opphav. Det kan òg vera eit slektsnamn. Artur har namnedag den 28. august i Noreg og den 13. april i Sverige.

Namnet kjem frå keltisk Artus og har truleg tydinga 'vidkjend, mektig'.[1] Artur er særleg blitt kjend gjennom sogene om kong Arthur og riddarane av det runde bordet.

Artur er eit vanleg namn i Polen. Formene Arttu og Artturi er mykje brukt i Finland. Arthur er utbreidd i USA og Arturo i Spania.

I Noreg var Arthur blant dei mest brukte gutenamna for nyfødde rundt år 1900, då opptil 1,0 % kunne få namnet. I 2009 var det 1 529 norske menn som heitte Arthur og 649 som heitte Artur.

Namneberarar

[endre | endre wikiteksten]
Arthur Schopenhauer
Fotnotar