Aurorae Chaos
Utsjånad
Aurorae Chaos er eit kaosterreng i den austre delen av Valles Marineris, søraust for Xanthe Terra og der Ganges og Eos Chasma møtest.[1][2] Det er kring 710 kilometer på tvers og ligg 4,8 kilometer under det kringliggjande lendet.[3]
Aurorae Chaos vart truleg danna av at yta kollapsa ved smelting av is som låg under, då store mengder av vatn vart frigjeve. Dette hende truleg i dei fyrste 1 til 2 milliardar åra av soga til Mars.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Aurorae Chaos - JPL
- ↑ Kart over Margaritifer Sinus-kvadranten hjå hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature
- ↑ 3,0 3,1 A witness to a wet early Mars - ESA