Basel-Landschaft
Basel-Landschaft | |||
Bâle-Campagne Basilea Campagna Basilea-Champagna | |||
kanton | |||
|
|||
Forkorting: BL | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | North West Switzerland, Nordvest-Sveits | ||
Hovudstad | Liestal | ||
Høgaste punkt | Hinteri Egg | ||
• høgd | 1 169 moh. | ||
Areal | 517,67 km² | ||
Folketal | 288 132 (31. desember 2018)[1] | ||
Kanton sidan | 1501 | ||
Basel-Landschaft 47°27′47″N 7°45′21″E / 47.463055555556°N 7.7558333333333°E | |||
Kart som viser Basel-Landschaft.
| |||
Wikimedia Commons: Canton of Basel-Landschaft |
Basel-Landschaft er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 518 km² og 290 000 innbyggarar i 2018. Liestal er hovudstad i kantonen Basel-Landschaft.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kantonen grensar til regionen Alsace i Frankrike i vest, og delstaten Baden-Württemberg i Tyskland i nord. Dessutan grensar Basel-Landschaft til kantonane Basel-Stadt, Aargau, Solothurn og Jura. Høgste punktet er Hintere Egg på 1 169 meter over havet. Lågastliggande punktet er der elva Birs renn ut i Rhinen, 246 moh.
Språk og samfunn
[endre | endre wikiteksten]Tysk er både talemål og embetsspråk. Folk har rett på svar på eige språk frå embetsverket, dersom ein brukar eit av dei andre offisielle språka i Sveits. 20% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. Italienarar og tyskarar utgjer dei klart største utanlands-kontingentane, men det finst òg mange frå Tyrkia og Serbia. Om lag 43% av innbyggarane er protestantar, 32% soknar til den romersk-katolske kyrkja. Både den reformerte og den romersk-katolske kyrkja har status som statskyrkjer (Landeskirche).
Distrikt og kommunar
[endre | endre wikiteksten]Basel-Landschaft består av fem distrikt (Bezirke), som er delt opp i til saman 86 kommunar. Dei fem distrikta har namn etter administrasjonsbyane, og er Arlesheim, Laufen, Liestal, Sissach og Waldenburg.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Landschaft saman med Basel-Stadt kantonen Basel. Dei to kantonane vart, fram til 1999, då det omgrepet vart fjerna frå Sveits si grunnlov, omtala som 'halvkantonar'. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har ei røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bilanz der ständigen Wohnbevölkerung nach Kanton, definitive Jahresergebnisse, 2018». statistisk byrå. Henta 28. august 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Basel-Landschaft» frå Wikipedia på tysk, den 9. august 2011.