Hopp til innhald

Bayonetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bayonetta
Utviklar(ar)PlatinumGames
Utgjevar(ar)Sega
DistributørSteam, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, PlayStation Store
Kreativt ansvarleg(e)Hideki Kamiya
Produsent(ar)Yusuke Hashimoto
Komponist(ar)Norihiko Hibino
SerieBayonetta
Plattform(er)PlayStation 3
Xbox 360
Wii U
Microsoft Windows
Nintendo Switch
PlayStation 4
Xbox One
Utgjeving
29. oktober 2009
PlayStation 3, Xbox 360 JP: 29. oktober 2009
NA: 5. januar 2010
EU: 8. januar 2010
Wii U
JP: 20. september 2014
NA: 24. oktober 2014
EU: 24. oktober 2014
Microsoft Windows
11. april 2017
Nintendo Switch
16. februar 2018
PlayStation 4, Xbox One
18. februar 2020
SjangerAction
Spelemoduseinspelar
Nettstadhttps://bayonetta-vanquish.sega.jp/bayonetta/index.html, http://www.bayonetta.com
Del av serien Bayonetta⠀
Bayonetta 2→

Bayonetta er eit actionspel utvikla av PlatinumGames og utgjeve av Sega. Spelet kom opphavleg ut i Japan på spelemaskinane Xbox 360 og PlayStation 3 i oktober 2009, og i Europa og Nord-Amerika i januar 2010. Spelet vart seinare gjeve ut på Wii U samtidig med oppfølgjaren Bayonetta 2, som kom ut i september 2014 i Japan og oktober 2014 i Europa og Nord-Amerika. Ei forbetra utgåve av spelet vart gjeven ut til Microsoft Windows 11. april 2017 på Steam. Spelet vart gjeve ut globalt til Nintendo Switch i februar 2018, også samtidig med oppfølgjaren.

Bayonetta går føre seg i Vigrid, ein fiktiv by i Europa. Spelet handlar om heksa Bayonetta, som kan skifte ham og bruke fleire ulike våpen. Ho meistrar også magi, og kan bruke sitt eige hår til å kalle på demonar for å gjera av med fiendane sine. Spelet bruker eit karaktersystem som gjev spelarar karakterer avhengig av korleis dei presterer i spelet, og eit kampsystem som liknar det i Devil May Cry-serien.[1]

  1. «ANMELDELSE: Bayonetta». Gamer.no. Henta 5. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]