Bekkelaget kyrkje
Utsjånad
(Omdirigert frå Bekkelaget kyrkje i Oslo)
Bekkelaget kyrkje | |||
Bekkelaget kirke | |||
Bekkelaget kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Søndre Aker | ||
Sokn | Bekkelaget | ||
Arkitekt | Harald Bødtker | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | 1923 | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Sitjeplassar | 370 | ||
Bekkelaget kyrkje 59°53′06″N 10°47′18″E / 59.884894°N 10.78824194°E | |||
Wikimedia Commons: Bekkelaget kirke |
Bekkelaget kyrkje er ei langkyrkje frå 1923 i Oslo. Bygningen er i stein og har 370 plassar.
Bekkelaget kyrkjelyd blei skilt ut frå Nordstrand kyrkjelyd i 1913 og ein gjekk i gang med å planleggje å føre opp ei kyrkje. Kommunearkitekt Harald Bødtker teikna kyrkja, som blei innvigd 27. mai 1923.
Kyrkja har inngangsparti mot nord og kor og apsis i sør, tårnet ligg til sida for nordgavlen.
Innvendig har Enevold Thømt stått for all utsmykking og utstyr og kyrkja framstår med eit heilskapleg preg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bekkelaget kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bekkelaget kyrkje hos Norske kirkebygg
- Bekkelaget kyrkje Kyrkjesøk
- Bekkelaget kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren