Bihu
Bihu er namnet på fleire årstidfestivalar i den indiske delstaten Assam, og på musikk og dans som er viktige delar av festivalane. Tradisjonelt har alle typar assamesarar, frå ulike stammergrupper, kastar og religionar, feira desse høgtidene.
Bihu blir feira ved tre årleg høve:
- Bohag- eller rongalibihu er den største feiringa, og markerer byrjinga av såtida og det nye året (sjå bengalsk nyttår). Ho går over sju dagar. I den vestlege kalenderen fell feiringa i midten av april.
- Kati- eller kongalibihu finn stad når ein er ferdig med risplantinga, i midten av oktober.
- Magh- eller bhogalibihu blir feira ved innhaustinga, i midten av januar (sjå sankranti). Denne bihuen varer i to dagar.
Bohag-bihu
[endre | endre wikiteksten]Bohag- eller rongalibihu er ein vårfestival som legg vekt på grøde og kjærleik. «Bohag» er namnet på den første månaden i det assamesiske året, medan «rongali» tyder 'moro'. Under høgtida reingjer ein hus, steller krøtter og ber til gudane for seg sjølv, dyra og heimane sine. Ein har på nye klede, lagar god mat og feirar med song og dans. Unge gutar og jenter kler seg i fargerike, tradisjonelle klede, som regel kvite, gylne eller raude på farge, og dansar bihu. Dansen er kjenneteikna av kvikke rørsler og skjer til tromming frå bihu-dhol, ein liten dholvariant, tál, små handcymbalar, blåseinstrumentet pepa laga av bøffelhorn, munnharpa gogona og rytmeinstrumenta toka av bambuspinnar og xutuli av bambus og leire.
Det finst fleire tusen ulike songar knytt til feiringa av høgtida, både på assamesisk og stammespråk. Ofte finst parallelle versjonar av songane på dei ulike språka.[1] Songane handlar ofte om kjærleik og lengt, og kan samanlikna kjærleik mellom menneske med den opplevd av gudane, til dømes Krisjna og Rukmini. Dansen kan ha erotisk karakter.[2]
Ifølgje ei legende frå sonowal-kacharifolka kom huchari, ein av bihudansane og musikken til han, til verda frå gudane då dei henta Brahma si dotter tilbake frå eksil. Kunnskapen kom frå Bathou eller Mahadeva ('den store guden', Sjiva).[3]
Kati-bihu
[endre | endre wikiteksten]«Kati» er ein månad og «kangali» eller «kongali» tyder 'fattig'. Denne festivalen fell ved haustjamndøgn når ein nett har planta risen. Dette er tradisjonelt ei årstid då det er lite å eta. Høgtida er mindre prega av fest og moro, og meir av bøn og faste. Ein markerer kati-bihu ved å tenna oljelampar ved tulsitre som veks ved huset og vatna dei, og ved å tenna lampar oppå bambuspinnar ved rismarkene. Desse lampane trekkjer til seg og brenn insekt, men skal også verna mot det vonde auget.
Magh-bihu
[endre | endre wikiteksten]«Magh» er ein månad og «bhogali» tyder 'mat'. Denne bihuen fell ved innhaustinga og markerer byrjinga på ei tid med overflod. Han blir feira med mykje god mat. Bålbrenning, songar og trommer pregar også feiringa.
Tradisjonelt byggjer ein meji eller bhelaghar, høge stråstrukturar og stråhytter som ein et i og seinare set fyr på, til bhogali-bihu. Oska av desse blir seinare lagt på markene. I byar nøyer ein seg med mindre bål. Ein takkar eldguden for ein god haust og ofrar betelnøtter og riskaker kalla pitha til elden.
Ulike idrettar og spel er vanlege under denne høgtida. Dyrekampar som bulbul-, vassbøffel- og hanekamp blir haldne ulike stader. Ei mindre blodig tevling er eggkakking (koni-juj).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bihu. Musikkoptak ved Smithsonian Folkways.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Goswami & 1967 25
- ↑ Goswami 1967, s. 22-23
- ↑ Goswami 20-21
Litteratur
- Burman, J.J. Roy, «Hindu-Muslim Syncretism in India», Economic and Political Weekly Publication Info (Economic and Political Weekly)
- Goswami, Praphulladatta (1967), «Hindu and Tribal Folklore in Assam», Asian Folklore Studies (Nanzan University)
- Dutta, Manash Jyoti, «Village women offer prayers at paddy field on occasion of "Kati Bihu"», Demotix, arkivert frå originalen 27. desember 2013, henta 25. november 2013
- Mazubder, Prasanta (Jan 16), Bulbuls fight as Assam celebrates Bihu, DNA
- «Bihu being celebrated with joy across Assam», The Hindu, Jan 14, arkivert frå originalen 4. februar 2005, henta 25. november 2013
- Culture, Assam Tourism
- Dhol (Assamese dhol, anvesha.co.in, arkivert frå originalen 22. august 2013, henta 25. november 2013
- Bihu Dance, iloveindia.com
- Bihu, Bohaggiyo Bhishu, happywink.org
- Bihu / Bohaggiyo Bhishu, Society for the Confluence of Festivals in India (SCFI)
- Maghar Dumahi - Bhogali Bihu, Bhela Ghar and Meji, Assam Trends, arkivert frå originalen 2. desember 2013, henta 25. november 2013
- Kati Bihu Or Kongali Bihu, assaminfo.com