Bill Shankly
Utsjånad
William «Bill» Shankly (fødd 2. september 1913 i Ayrshire i Skottland, død 28. september 1981) var ein skotsk fotballtrenar kjend for å ha trena Liverpool FC frå 1959 til 1974. Under leiinga hans gjekk klubben frå og vera eit andredivisjonslag til eit leiande lag i Europa. Han er også kjend for å ha fleire fine replikkar. Som spelar fekk han fem landskampar for Skottland.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Ligamesterskap: 1963/64, 1965/66, 1972/73.
- FA-cupen: 1964/65, 1973/74.
- UEFA-cupen: 1972/73.
- Vinnar av andredivisjon: 1961/62.
- Charity Shield: 1964 (delt), 1965 (delt), 1966.