Hopp til innhald

Billund

Koordinatar: 55°43′52.907″N 9°6′57.262″E / 55.73136306°N 9.11590611°E / 55.73136306; 9.11590611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°43′52.907″N 9°6′57.262″E / 55.73136306°N 9.11590611°E / 55.73136306; 9.11590611

Billund
Vertshuset Billund Kro.
Foto: Hubertus
Land  Danmark
Region Region Syddanmark
Kommune Billund kommune
Folketal 7 049  (2023[1])
Kart
Billund
55°43′27″N 9°07′08″E / 55.7243°N 9.1188°E / 55.7243; 9.1188
Wikimedia Commons: Billund

Billund er ein by i Billund kommune i Region Syddanmark, sørvest på Jylland i Danmark. Fram til kommunereforma i 2007 låg han i Ribe amt. Billund har 7 049 innbyggjarar (2023). Namnet Billund tyder bielunden.

Byen er vaksen opp rundt LEGO-verksemda, som har hovudkontor og fabrikk her, og fornøyelsesparken Legoland. Han har ord på seg for å vera ein vakker og velstelt by, med mange skulpturar og velstelte gater.

Nær byen ligg Billund lufthamn, som er den nest største flyplassen i Danmark.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «BY1: Folketal 1. januar efter byområder, landdistrikter, alder og køn» (på dansk). Danmarks Statistik. Henta 21. mai 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]