Binær multippel
Utsjånad
Ein binær multippel er forstavingane kilo-, mega-, tera- osv. som vert nytta innan informasjonsteknologi om potensar av to, slik at til dømes 1 kilobyte tyder 210 byte = 1024 byte og 1 megabyte tyder 220 byte = 1,05 ·106. Denne bruken er uheldig, sidan SI-prefiksa kilo-, mega-, tera- og så vidare tyder 103 (tusen), 106 (million), 1012 (billion) og så vidare. For å unngå samanblanding vart forslaget om å innføre omgrepa kilobinær, megabinær osv. vedteke våren 1999 av International Electrotechnical Commission, ein internasjonal organisasjon med føremål å gjennomføre standardiseringar innan elektrofaga. Fleire andre standardiseringsorganisasjonar vurderer òg forslaget.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- binære multipler. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/binære multipler