Bindestrek
- |
---|
apostrof ( ' ) ( ’ ) Fordelingsmellomrom Parentesar |
Bindestrek (-) er eit skriftteikn danna av ein kort vassrett strek i middels høgd på linja. Bindestreken blir brukt til å binde saman ordledd i samansette ord og ord som er delte av linjeskift, og som erstatning for ordledd i visse uttrykk, til dømes ved gjentakingar. Bindestreken er kortare og har eit anna bruksområde enn tankestreken. Vi finn bindestreken til høgre for punktumet på eit vanleg norsk tastatur.
Hard bindestrek
[endre | endre wikiteksten]Ønsker vi ein hardbindande bindestrek, slik at ord som fell på slutten av ei linje ikkje skal bli delt ved bindestreken, kan vi bruke hard bindestrek. I Word får vi hard bindestrek ved å taste tre tastar samtidig: <Shift> <Ctrl> < - >.
Døme på bruk av bindestrek
[endre | endre wikiteksten]I samansette geografiske uttrykk:
- Nord-Noreg, Latin-Amerika (men nordnorsk, latinamerikanar)
- Musikk-Noreg, Nazi-Tyskland
I ord som inneheld tal, forkortingar eller visse forstavingar:
- 50-årsdag (men femtiårsdag), 1900-talet
- ikkje-røykjar, a-mollskonserten
- cd-en, pc-brukar
I visse samansette uttrykk:
- berg-og-dal-bane
- Ole Brumm-politikk
- Grå-stær-pasient kan vere vel så bra som «grå stær-pasient», sjølv om sjukdommen i seg sjølv skrivest «grå stær»
Som ordledderstatting:
- bindestrek erstattar «vesen» i «post- og telegrafvesen»