Blåbærlyng
Blåbær | |
Blåbær | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Underfamilie: | Vaccinioideae |
Slekt: | Bærlyngslekta Vaccinium |
Seksjon: | Myrtillus |
Art: | Blåbær V. myrtillus |
Vitskapleg namn | |
Vaccinium myrtillus |
Blåbærlyng, blåbærris eller blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som høyrer til lyngfamilien.[1] Han dannar frukta blåbær.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantete greiner som blir brunaktige og vedete etterkvart, med tynne, elliptiske, takkete, lysegrøne blad som blir felte om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlege, krukkeforma blomstrar. Desse utviklar seg vidare til saftige bær som vanlegvis er mørkeblåe til svarte på farge eller kvitaktig blåe. Dei ulike fargane kjem av eit tynt vokslag. Fruktkjøtet er fiolett.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Blåbærlyng er ein vanleg plante i store delar av Europa, med unntak av området kring Middelhavet. Han veks nord på det europeisk fastlandet, på Dei britiske øyane og over Kaukasus inn i nordlege Asia. Planten finst også som introdusert art i vestlege delar av Canada og USA.[2] I Noreg veks det blåbærlyng i store mengder i låglandet, og særleg i fuktig, sur jord ved skog eller heier. Blåbæra finst opp til 1700 moh.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «blåbærlyng» i Nynorskordboka.
- ↑ «Vaccinium myrtillus - L.». Plants for a Future. Henta 27. april 2019.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Blåbær» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2007.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Vaccinium myrtillus» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2019.