Brukar:Ranveig
Eg heiter Ranveig Thattai og er opphavleg sandnesgauk, men har no budd i England i over ti år. Eg er fødd i 1980 og har vore med på Wikipedia-prosjekta sidan 2004. Her på Nynorsk Wikipedia har eg administrator- og byråkratverktøy, men som dei fleste andre her meiner eg erfaring og kunnskap er viktigare enn tekniske løyve. Eg har mastergrad i humaniora og har mellom anna studert engelsk og amerikansk litteratur, britisk-indisk historie og omsetjing. Eg interesserer meg for mange ting, som britisk, indisk og norsk historie, men særleg for å få heile Nynorsk Wikipedia til å bli eit flott og forseggjort prosjekt. Derfor ryddar, korrekturles og illustrerer eg gjerne andre sine artiklar. Eg har også ein del erfaring knytt til malar, opphavsrett på filer og bruk av Wikimedia Commons. Ta gjerne kontakt på diskusjonssida eller e-post om du har spørsmål.
Patruljering[endre | endre wikiteksten]Eg driv ein del patruljering av nye endringar, som vil seia at eg går gjennom kva som nyleg er gjort på Wikipedia, særleg av nye brukarar og uregistrerte. Desse bidraga blir godkjend, forbetra eller attenderulla. Attenderulling skjer når bidraget er tydeleg hærverk, når tekst er lagt inn på bokmål eller noko anna som ikkje er nynorsk, når rette nynorske former blir erstatta med andre nynorske former, eller når nye opplysingar blir lagt til utan referanse. Dersom eg har gjort ein feil er du velkommen til å ta det opp med meg, eller legga inn att endringa med ei forklaring. Emne eg har arbeidd med[endre | endre wikiteksten]
Nyttige sider[endre | endre wikiteksten]
|