Buckingham Palace
Buckingham Palace | |||
| |||
Arkitekt | William Winde, John Nash | ||
---|---|---|---|
Opna | 1849 | ||
Stil | nyklassisistisk arkitektur, Georgiansk arkitektur | ||
Buckingham Palace 51°30′04″N 0°08′31″W / 51.501°N 0.142°W |
Buckingham Palace i London har sidan 1837 vore den offisielle bustaden til den britiske monarken. Palasset blei opphavleg bygd i 1703 av hertug John Sheffield av Buckingham og Nordmandie som såkalla «town housse». Dåverande «Buckingham House» blei kjøpt av George III i 1761. Slottet var meint som ei gåve til Charlotte, kona hans. Året etter starta omfattande oppgradering av slottet, som då fekk namnet «Queen's House». Etter fleire ombyggingar, særleg på 1800-talet, omfattar Buckingham Palace i dag over 600 rom, med tilhøyrande område på 20 hektar. I slottet finst også eit viktig kunstgalleri.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Ein kan i løpet av sommaren få guida omvisingar i nokre delar av Buckingham Palace. Slottet er sannsynlegvis mest kjend for vaktskiftet, Changing of The Guards. Det skjer klokka 11.30, og varar i cirka 45 minutt. Under seremonien blir den gamle vaktstyrken erstatta av ein ny.
Litt om slottet
[endre | endre wikiteksten]Buckingham Palace er residensslottet i Storbritannia. Flaget er alltid heist når dronninga er der. Det går mange vaktar utanfor heile tida. Slottet ligg inntil Green Park og St. James´s Park.
Slottet blei bygd i 1703, og blei brukt av hertug John Sheffield av Buckingham, men etter kvart blei det seld til kong Georg III i 1761. Dronning Victoria gjorde det til sin offisielle heim i 1837. 18 av dei 600 romma i slottet er opne for turistar om sommaren. Slottet har blitt bygd om mange gonger seinare.