Calutron
Utsjånad
Calutron er ein isotopseparator som verkar etter same prinsipp som eit magnetisk massespektrometer. Det har namn etter California University Cyclotron. Instrumentet vart utvikla av den amerikanske fysikaren Ernest O. Lawrence og vart nytta til å framstille uranisotopen 235U, som ein trong til kjernefysiske bomber. Kvart instrument gjev berre kring eitt mikrogram i timen. For å få nok 235U vart det derfor bygd ei rekkje calutronar som vart installert ved Clinton-anlegga i Tennessee.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- calutron. (2012-02-20) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/calutron